Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Bilete Bilete

Eit informasjonssamfunn for alle

Vegen til eit betre velferdssamfunn

Informasjonssamfunnet blir i stadig større grad ein føresetnad for velferdssamfunnet. IKT effektiviserer offentlege tenester – IKT aukar produktiviteten i landet. Derfor er også digital kompetanse i befolkninga, gode offentlege elektroniske tenester og føreseielege rammevilkår heilt sentrale element for at Noreg framleis skal vere verdas beste land å bu i.

IKT er i sin natur grenseoverskridande og grip inn på alle sektorar og samfunnsområde. Er det berre ein vilje til koordinering, gir dette store moglegheiter for gevinstar ved samordna utnytting av samfunnets felles ressursar. Dette bør skje gjennom eit godt samarbeid mellom privat og offentleg sektor, mellom innbyggjarar og myndigheiter, og mellom menneske med ulike evner og ressursar. Slik kan vi få til ei meir effektiv utnytting av offentlege ressursar, ei fornying og effektivisering av offentleg sektor og betre tenester til innbyggjarar og næringsliv. Slik kan vi oppretthalde og fornye eit konkurransedyktig næringsliv og heve den allmenne og digitale kompetansen i befolkninga. Det er gjennom eit godt samarbeid at vi løftar kvarandre, at vi skaper økonomisk vekst, opprettar nye arbeidsplassar

Vilje til tverrpolitiske initiativ, til å ta del i ein heilskapleg IKT-politikk – til samarbeid – gir ei meir effektiv utnytting av samfunnets felles ressursar og betre tenester for innbyggjarane og næringslivet. Opne standardar og kjeldekodar er eitt døme, ein felles IKT-arkitektur i det offentlege er eit anna – mens eit samarbeid mellom offentleg og privat sektor for å auke kompetansenivået i befolkninga er eit tredje.  

At den felles utviklinga skal vere inkluderande og omfatte alle, er meir enn ei hjartesak for regjeringa, det er tvingande nødvendig. Nye arbeidsplassar, økonomisk vekst og auka velferd er avhengig av forsking og offensiv næringspolitikk, men også av konstant fokus på digital inkludering – tilgang for alle, kompetanse hos alle – og ei universell utforming av alle digitale løysingar og tenester.

Kommenter meldinga: