Nordisk
formannskap 2006
Norge
har formannskapet i Nordisk Ministerråd i 2006. Fornyings- og
administrasjonsminister Heidi Grande Røys er nordisk samarbeidsminister for
Norge.
Hovedprioriteringene
under det norske formannskapet vil være nordisk samarbeid i nordområdene, den
nordiske velferdsmodellens fremtid og behovet for kunnskapsbasert fornyelse og
verdiskaping.
- Velferd
for framtida
Nordisk samarbeidsminister Heidi Grande Røys vil leggje stor
vekt på utviklinga av eit velferdssystem med berekraft for framtida. – Dette er
særleg viktig for oss i dei nordiske landa fordi vi jo har eit høgt
velferdsnivå. Våre land ligg alltid i toppen når velferd vert rangert og det
vil vere avgjerande at vi klarer å fornye oss og tilpasse oss samfunnsendringane
for å kunne halde på dei velferdsordningane vi har. Og kanskje endå viktigare;
utvikle samfunnet slik at vi tar opp i oss endringar både av behov og
utfordringar som til dømes den såkalla eldrebylgja representerer, seier
samarbeidsministeren.
Den andre hovudsaka for det norske formannskapet er
samarbeidet i nordområda og dei utfordringane dette representerer, særleg når
det gjeld miljøspørsmål. Både knytt til olje- og gassutvinning og den særeigne
faunaen i dei arktiske områda. Samarbeid om forvaltinga av fiskeriressursane er
òg eit viktig område. Det tredje fokusområdet er å utvikle ei kontinuerleg
kunnskapsutvikling blant anna for å møte utfordringane som globaliseringa
stiller oss overfor.
- Vi vil bruke de eksisterande samarbeidsarenaene aktivt.
Arktisk Råd, Barentsrådet og Østersjørådet, i tillegg til Nordisk Ministerråd,
seier Grande Røys.
Fornying
- Det er heilt naturleg at det er vårt departement som har fått oppgåva med
samordning av det nordiske samarbeidet. Et stikkord for utviklinga av våre
velferdssamfunn er evna til fornying. I løpet av året vert det lagt fram eit
stort nordisk forskingsprosjekt som har sett på korleis vi har løyst
velferdsoppgåvene i dei nordiske landa. Det blir spennande å sjå resultata
fordi vi har ikkje gjort det heilt likt. Eg vonar forskarane kan gi oss meir
kunnskap og innsikt, blant anna i korleis ulike velferdsordningar faktisk
verkar. Eg har det synet at politikk bør basere seg på kunnskap så langt det er
mogleg.
Få ungdom i tale
- Vi vil også arbeide for å involvere ungdom. Mange hevdar at dei er mest
opptekne av seg sjølve og lite opptekne av samfunnet omkring. Javel, om det
stemmer så må vi spørje kva slags konsekvensar det kan få for framtida til den
nordiske velferdsmodellen. Men eg er ikkje så sikker på om dette er riktig og
eg meiner vi bør prøve å finne det ut. Vi skal derfor setje saman eit nordisk
ungdomspanel for å få kasta lys over korleis ungdom ser på det nordiske
samarbeidet og dei problemstillingane som vi har hovudfokus på; nordområda,
kunnskapsutvikling og framtida for den nordiske velferdsmodellen. Korleis dei
ser på kvardagen og framtida, avsluttar samarbeidsminister Heidi Grande Røys.
|