Odin
Odin
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Liknande dokument  

Bestilling av offentlege publikasjonar

Offentlege verksemder kan bestille publikasjonar gitt ut av Storting, regjering og departement frå Servicesenteret for departementa i samsvar med regelverket for distribusjon.

I særskilte tilfelle må også brukarar frå offentleg forvaltning betale for departementa sine publikasjonar. Då må publikasjonane kjøpast frå Akedamika.

Andre, dvs. privatpersonar, bedrifter og liknande kan skaffe seg publikasjonane frå Akademika, ein lokal bokhandel, eller det lokale folkebiblioteket. I særskilte tilfelle, der publikasjonane er gratis, kan dei bestillast frå den verksemda som har gitt dei ut.

Offentlege publikasjonar er m.a.:

  • Stortingsmeldingar, stortingsproposisjonar, Innstillingar frå Stortinget
  • Noregs offentlege utgreiingar
  • Brosjyrar
  • Blankettar