Kva er Odin?
Organisering
Odin er ei felles, elektronisk informasjonsteneste frå regjeringa
og departementa. Den sentrale redaksjonen for Odin er plassert i
Servicesenteret for departementa (SSD), Informasjonsforvaltning. Dei enkelte departementa
og Statsministerens kontor (SMK) har sin eigen lokale Odin-redaksjon. Det
overordna ansvaret for Odin ligg i Fornyings- og administrasjonsdepartementet
(FAD) som skal avklare og gjere vedtak i prinsipielle spørsmål, og om nødvendig
leggje desse fram for regjeringa.
Informasjonsleverandørane (departementa, SMK og den sentrale
Odin-redaksjonen) er ansvarlege for publisering og vedlikehald av informasjon
på sine eigne sider.
Formålet
med Odin
Formålet med Odin er å gjere informasjons- og nyheitsstoff frå
regjeringa og departementa tilgjengeleg på Internett, og gjennom dette vere med
på å gjere den sentrale forvaltninga meir open og tilgjengeleg gjennom bruk av
moderne informasjonsteknologi. I eit brukarperspektiv er det viktig at
informasjonen frå regjeringa, SMK og departementa blir presentert einskapleg på
ein innbydande måte, og at det er lett å søkje og finne fram. Tenesta skal også
tilby interaktivitet og tovegskommunikasjon.
Historikk
Odin vart lansert som eit prøveprosjekt 1. august 1995, og vart
etablert som permanent teneste frå 1997 med den føresetnaden at det vart gjort
ei ekstern evaluering og ei brukarundersøking. Konklusjonen frå evalueringa,
som vart gjort av Norsk regnesentral, var at tenesta, "trass i svakheter
og mangler må betraktes som en verdifull tjeneste som fyller viktige behov både
for politiske myndigheter, forvaltningen og publikum".
Regjeringa gav i mars 1998 si tilslutning til at Odin framleis
skal vere den sentrale Internett-tenesta for departementa og SMK. Statens forvaltningstjenste,
(Ft) fekk av Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) det operative
ansvaret for at vidareutviklinga av Odin
vart gjennomført i tråd med avgjerder og tilrådingar frå regjeringa.
Prinsipp
Odin skal vere ei heilskapleg og brukarvennleg
informasjonsteneste. Tenesta skal vere offentleg tilgjengeleg.
Servicesenteret for departementa er gitt det samla ansvaret for
drifta av Odin. Det overordna ansvaret og retten til å vedta endringar i
retningslinjene for drift etc. har FAD som eigardepartement.
Eit eige organ, Brukerforum, skal ta seg av saker knytte til
drifta av Odin. I forumet deltek ein representant for kvar av
innhaldsleverandørane, og forumet vert leia av SSD. Brukerforum kan avgjere
spørsmål av praktisk og prinsipiell karakter innanfor visse rammer. Ved
avstemming har kvar av leverandørane ei stemme.
Saker som Brukerforum ikkje kan avgjere, vert overletne til FAD.