I Noreg blir dei fleste avgjerder i den
utøvande makt teke av dei enkelte statsrådane som sjefar for sine departement.
Avgjerder som enkeltstatsrådar ikkje har fullmakt til å ta, blir teke av
Regjeringa. Når Regjeringa tek avgjerder som samla kollegium, skjer det som
Statsrådet under leiing av Kongen.
Statsrådsmøta vert til vanleg haldne på Slottet kvar fredag.