OM OSS

Studentparlamentet er det øvste studentpolitiske organ ved høgskulen. Vi er studentane si røyst overfor høgskule, kommune, fylkesparti og departement.

Parlamentet er samansett av studentrepresentantar frå kvar avdeling,  - antal rep frå kvar avdeling er regulert etter ein fordelingsnøkkel i vedtektene våre som tek hensyn til m.a. antal studentar på avd.

Tilsaman består StP av 20 studentar, og kven det er kan du sjå på lenka "Studentparlamentet".
Parlamentet har eit styre beståande av 6 personar og desse fungerer som eit arbeidsutval for parlamentet. Meir om desse kan du lesa på "Styret"..

Vi arbeider for at studentanes rettar vert ivaretekne, og set fokus på saker som vedkjem studentane ved høgskulen.  Døme på dette er saker som studiesituasjon, eksamensformer, mappeevaluering og anna som opptek studenten for augneblinken.
Me ser og til om høgskulen gjer det ho er forplikta til. At ho ikkje endrar på reglar til forverring av studenten sin kvardag. At ho gjer det ho seier ho skal gjere. At det ho har forplikta seg til vert gjennomført. Vi er på ein måte HSF si vaktbikkje.

For information in english press here.