Roland opplever at desse barna, som er i alderen fire til åtte år, gjerne har omfattande sosiale problem og at dei utfordrar dei vaksne på mange område.
- Dei tek ikkje i mot beskjedar, dei protesterer, dei lagar støy i gruppa og dei er i konflikt både med dei vaksne og med andre barn. Dei vil veldig ofte ikkje gjere det dei blir bedt om, seier han.
- I tillegg til barn som slit med utagerande åtferd, kan det også dreie seg om stille barn, som ikkje så lett blir sett, seier Hildegunn Fandrem, også ho universitetslektor ved senteret ved UiS.
Deler på kunnskap
I prosjektet ”Dei utfordrande barna” har Fylkesmannen i Rogaland og Senter for åtferdsforsking gått saman for å sjå på korleis skule og barnehage kan førebyggje, avdekkje og avhjelpe slike psyko-sosiale vanskar blant barn.
Prosjektet er ei vidareføring av dei systemretta tankane som låg til grunn i Samtak, eit program som skulle heve kompetansen til skuleleiarar og pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). ”Dei ut-fordrande barna” retter seg difor mot barnehage, småskule, PPT, skulefritidsordning og helsestasjonar.
- Målet vårt er at dei ulike arenaene skal jobbe nærare saman, utveksle erfaringar og bli kjent med kvarandre sitt omgreps-apparat, seier Fandrem, og nemner overgangen frå barnehage til skule som eit døme på kor dette trengst.
Behov for kunnskap
Dei fire kommunane som lærer av kvarandre i prosjektet er Eigersund, Lund, Sandnes og Time. Frå Senter for åtferdsforsking er det fire rettleiarar som er med.
På ulike samlingar får deltakarane fagleg input og rettleiing gjen-nom gruppediskusjonar der ulike døme frå praksisfeltet blir drøfta.
I følgje Pål Roland er det eit stort behov for meir kunnskap om denne typen samansette vanskar i skule og barnehage.
- Det er ei utfordring for mange å sjå systemretta på dei sakene dei jobbar med. Det er forska lite på dette og mange føler ikkje at dei har den kompetansen som trengst, seier han og held fram:
- Det er krevjande å stadig bli utfordra på relasjonar, grense-setting og tålmod, og spesielt når ein ikkje veit kva retning ein skal gå i. Samstundes er det utruleg viktig å ta tak i denne typen negativ åtferd så tidleg som mogleg, før vanskane blir endå større, seier Roland.


English »
