
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Relaterte tema:
Eksterne lenker
Utskifting av omnar gav mindre støv
06.12.05 Vedfyring er den viktigaste kjelda til utslepp av svevestøv. Hadde det ikkje vore for ei omfattande utskifting frå gamle vedomnar til nye, reintbrennande omnar, ville utsleppa vore 11 000 tonn høgare.
Noreg er ein vedfyringsnasjon. I perioden frå juli 2004 til juni 2005 blei det brent i overkant av 1,3 millionar tonn ved i Noreg. Dei nye tala om utslepp av svevestøv er framkomne gjennom ein analyse som Statistisk sentralbyrå (SSB) har gjort på oppdrag frå Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) Statens forureiningstilsyn (SFT) og Landbruks- og matdepartementet.