Til forside

Nyheter


Til toppen av siden

Skogtilstanden er nokså stabil

16.03.05 Hovudresultata frå Overvåkingsprogram for skogskadar i 2004 viser at helsetilstanden til tre i norske skogar har forbetra seg over store delar av landet. Unnataket er Austlandet der det blei observert ein nedgang i kronetilstand for gran dei siste to åra.

Helsetilstanden til skogen blir overvakt ved årlege registreringar av kronetettleik, kronefarge, skadar og avdøying på omkring 2000 permanente felt med nær 40.000 tre. Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk) koordinerer og leier arbeidet med skogovervakinga på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og Statens forureiningstilsyn (SFT).

  • Tips en venn
  • Få nyheter fra SFT på e-post
Til toppen av siden

Til toppen av siden