
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir
Relaterte tema:
Kritisk til utslepp i Barentshavet
13.04.05 SFT er svært kritisk til uhellsutsleppet av 1,6 kubikkmeter hydraulikkolje frå riggen Eirik Raude i Barentshavet. Petroleumstilsynet og SFT vil granske hendinga i løpet av kort tid, og krev at boreoperasjonen ikkje startar igjen før styresmaktene er forsikra om at forholda er i orden.
Guovca ligg rundt 115 kilometer frå Berle. SFT og Petroleumstilsynet har i ettermiddag hatt eit møte med Statoil og Ocean Rig. Alle utslepp stansa Verforholda gjer at det er vanskeleg å sjekke nøyaktig kva som er skjett. Operatøren og riggselskapet forsikrar at alle utslepp er stansa. Dei har dessutan stansa all boreaktivitet. |
|
Stoff ved boring
- Det er behov for å bruke kjemikal ved boring etter olje og gass. Stoffa er grupperte etter klassifiseringa til SFT.
- Grøn og gul kategori: Stoff som har ingen eller svært liten negativ miljøeffekt.
- Rød kategori: Stoff som basert på ibuande eigenskaper, er definert som miljøfarlege og dermed bør skiftast ut.
- Sort kategori: Stoff som det i utgangspunktet ikkje er tillett å sleppe ut.
Ser svært alvorleg på hendinga
- Vi ser svært alvorleg på hendinga. Føresetnaden for oljeboring i Barentshavet er null utslepp av miljøfarlege stoff. Dette er tredje gongen det skjer eit uhellsutslepp frå riggen ”Eirik Raude”. Vi er svært usikre på om oljeselskapa er i stand til å drive boringa i Barentshavet slik dei har lovt at dei skal, seier SFT-direktør Håvard Holm.
Miljøfarleg stoff
Hydraulikkolja som er sloppen ut, består hovudsakleg av høgraffinert mineralolje som blir broten sakte ned i miljøet. Den har potensial for bioakkumulering. Sidan olja blir brukt i eit system som under normale forhold er fullstendig lukka, er det ikkje krav til fullstendig økotoksikologisk dokumentasjon for produktet.
Produktet vil etter kategoriane til SFT for offshorekjemikal, sannsynlegvis hamne i raud eller svart kategori.
Spørsmål kan rettast til SFT:
- SFT: Direktør Ingrid Bjotveit, næringslivsavdelinga
telefon: 22 57 34 22, e-post: ingrid.bjotveit@sft.no - SFT: Seksjonssjef Signe Nåmdal, seksjon for petroleumsverksemd
telefon: 22 57 35 36, e-post: signe.namdal@sft.no - Petroleumstilsynet: Pressetalskvinne Inger Anda
telefon: 970 54064, e--post: inger.anda@ptil.no
