Til forside

Nyheter


Til toppen av siden

Drikkeflaske må fjernast frå hyllene

23.11.05 Miljøverndepartementet ber SFT sørgje for at drikkeflaska ”Batman” ikkje lenger kan seljast i Noreg. Grunnen er at flaska inneheld eit giftig ftalat.

Ftalater

  • Ftalatet som er funnen i flaska, blir kalla DEHP (dietylheksylftalat). 
  • DEHP står på den norske prioritetslista over stoff som skal reduserast vesentleg innan 2010. 
  • Stoffet kan skade forplantningsevna og kan gi fosterskade.

Tiltaket er eit ledd i miljøvernstyresmaktene sitt arbeid for å sikre barn ein giftfri kvardag. SFT skal nå kontakte importøren for å få fjerna produktet frå den norske marknaden. Undersøkinga av flaska ”Batman” skjedde på oppdrag frå Greenpeace.

Ser på regelverket

I tillegg til å fjerne denne aktuelle flaska, skal SFT og Mattilsynet sjå på regelverka sine for å sikre at andre liknande produkt ikkje inneheld giftige stoff.

 

Spørsmål kan rettast til SFT:

  • Seksjonssjef Berit Ellefsen Gjerstad, seksjon for produktretta miljøvern, telefon: 22 57 36 58, e-post: berit-e.gjerstad@sft.no
  • Seksjonssjef Cecilie Kristiansen, seksjon for produkt- og offshorekontroll, telefon: 22 57 34 69 , e-post: cecilie.kristiansen@sft.no
  • Tips en venn
  • Få nyheter fra SFT på e-post
Til toppen av siden

Til toppen av siden