Til forside

Om SFT


Til toppen av siden

SFT sin sørviserklæring

21.12.05 Brukarane våre er de som er leiarar eller tilsette i ei verksemd, de som er tilsette i ein annan offentleg etat eller organisasjon, og de som einskildpersonar. Med denne serviceerklæringa ønskjer vi å gjere greie for kva forventningar de kan ha til tenestene våre.

Du får denne informasjonen:

Kven er vi?

SFT er eit direktorat under Miljøverndepartementet. Grunnlaget for arbeidet vårt er dei instruksjonane vi får frå Miljøverndepartementet og den retten vi har til å ta avgjerder fordi vi forvaltar forureiningslova, klimakvotelova og lova om produktkontroll. Som forvaltningsorgan følgjer vi reglane om god forvaltningsskikk i forvaltningslova og offentlegheitslova og miljøinformasjonslova.

Vi arbeider for at forureiningar, produkt og avfall ikkje skal føre til helseskade, gå ut over trivselen eller skade den evna naturen har til produksjon og sjølvfornying. Målet vårt er å gjere vårt til å skape ei berekraftig utvikling. Med dette meiner vi ei utvikling som tek vare på dei behova samfunnet har i dag, samtidig som kommande generasjonar kan få dekt sine behov.

 

Kva gjer vi?

Oppgåvene våre er å:

  • overvake og informere om utviklinga av miljøet    
  • gi Miljøverndepartementet råd og fagleg underlag    
  • setje i verk reguleringar og kontrolltiltak    
  • instruere og rettleie fylkesmennene på SFT sitt ansvarsområde    
  • sikre norske mål i internasjonalt miljøsamarbeid    
  • gjere vårt til å effektivisere miljøvernarbeidet i utviklingslanda

Fylkesmannen er staten sitt miljøtilsyn i det einskilde fylket. Dei arbeider mellom anna for å skape miljøvennlege byar og tettstader, og har oppsyn med miljøfarlege kjemikal, avfall og attvinning på regionalt nivå. Dei held seg og orienterte om forureining lokalt i fylket. Fylkesmannen og kommunen behandlar òg søknader om utslepp som små og mellomstore verksemder kan ha, og som fører til lokal forureining. Kommunen har dessutan plikt til å syte for gode ordningar for avløp og forbruksavfall. 

Kva kan du forvente av oss når du tek kontakt?

Når du ringjer oss

Vi har ope:

  • 15. september-14. mai klokka 08.00-15.45            
  • 15. mai-14. september klokka 08.00-15.00

Du skal raskt få kontakt når du ringjer oss, og du skal få snakke med ein tilsett som kan hjelpe deg. Dersom vi ikkje kan hjelpe deg straks, kan vi tilby at ein saksbehandlar ringjer tilbake.

Når du besøkjer oss

Når du har avtale med ein av dei tilsette, skal du sleppe å vente.

Når du skriv til oss

Om det vil ta uforholdsmessig lang tid å svare deg, vil vi så snart som mogeleg gi deg eit førebels svar. Det skal forklare kvifor vi ikkje kan svare tidlegare, og opplyse om når du kan vente svar. Med uforholdsmessig lang tid meiner vi meir enn ein månad når det gjeld einskildvedtak. Det vil seie at du i alle høve skal få eit førebels svar innan ein månad i slike saker. 

Om du sender oss ein e-post til postmottak@sft.no, svarer vi deg så snart vi kan. Om du ikkje får svar med ein gong, sender vi deg eit førebels svar innan 24 timer frå vi har motteke e-posten (på kvardagar).

Vi har plikt til å informere deg om miljøtilstanden

Alle har ein lovfesta rett til miljøinformasjon. Mellom anna slår miljøinformasjonslova fast ei plikt for oss og andre offentlige etatar til å gi miljøinformasjon. Fordi vi har lite tid til å gi individuell informasjon, gir vi informasjon på Internett og ved å gi ut rapportar. Du finn informasjon om oss og miljøet på dei nettstadene som er nemnde i det følgjande.
  • SFT sin nettstad
    På SFT sin nettstad (www.sft.no) finn du eit oversyn over arbeidsområda våre, lover og forskrifter, diverse skjema, bedriftsspesifikk miljøinformasjon og mykje meir. Nettstaden har dessutan gratis abonementsteneste på nyheitsmeldingar frå SFT. Nye rapportar, rettleiingar og brosjyrar som er publiserte frå 2001 finst i fulltekst på nettstaden. Rapportane tek vi betalt for dersom du vil ha dei på papir. Andre publikasjonar er framleis gratis.   
  • Miljøstatus i Norge 
    Oppdatert og kvalitetssikra informasjon om miljøtilstanden og utviklinga på området finn du på Miljøstatus i Norge (www.miljostatus.no)   
  • Regelhjelp
    Regelhjelp (www.regelhjelp.no) er ei søkjetjeneste for å finne fram til dei viktigaste reglane innafor helse, miljø og tryggleik for ei rekkje bransjar. 
  • Miljøreferanser
    Miljøreferanser (www.miljoreferanser.no) er ei søkjeteneste med referansar til norsk, offentleg miljøinformasjon.

Du kan ta direkte kontakt med oss dersom du ikkje finn den informasjonen du leitar etter på nettstadene våre.

Miljøovervaking

SFT organiserer ei teneste som overvaker ei rad stoff som forureinar miljøet. Miljøovervaking er ei regelbunden innsamling av data om miljøet og tilhøve som påverkar miljøtilstanden. Formålet er mellom anna å: 

  • følgje den kortsiktige, langsiktige og geografiske utviklinga av miljøproblema            
  • skaffe grunnlag for å planleggje nye tiltak eller setje nye mål og dokumentere resultata            
  • identifisere faresignal i naturen slik at den ansvarlege kan handle i tide

Resultata av overvakinga vil vi så langt som mogeleg prøve å offentleggjere i media. Men dersom du er særleg interessert, kan du finne dei på Internett, eller du kan tinge rapportar frå SFT.

Vi har plikt til å rettleie deg

Vi har plikt til å rettleie deg slik at du skjønar regelverket vårt og kan ta vare på interessene dine.

Vi har plikt til å gi deg innsyn i offentlege dokument

Hovudregelen er at saksdokumenta våre er offentlege. Men vi handterer ein del dokument med teiepliktige opplysningar. Slike dokument er unnatekne for innsyn frå utanforståande. Offentlegheitslova gir og i særlege tilfelle høve til å unnta andre dokument. Krav om å få innsyn i saker blir behandla så snart som mogeleg og innan tre dagar. Tek det lenger tid å treffe ei avgjerd, skal SFT sende deg ei førebels melding om kva tid du kan vente svar.
 

Korleis kan du hjelpe oss i arbeidet vårt?

SFT ønskjer å gjere ein så god jobb som mogeleg. Det er derfor viktig at du engasjerer deg og gir oss informasjon, tek kontakt med oss, uttaler deg som part i einskildsaker eller er med i diskusjonen om nye forskrifter.

  • Partane og andre kan uttale seg i einskildsaker
    Du blir rekna som part i saka dersom avgjerda vår gjeld deg eller verksemda di direkte. Når du er part i ei sak, har du høve til å påverke avgjerda vår meir enn elles. Som part skal vi varsle deg på førehand, og du skal få høve til å uttale deg innan ein viss frist før vi avgjer saka. Om du ikkje er part, kan du likevel uttale deg i saka. Partar SFT kjenn til vert varsla med brev. Om det er mange partar, kunngjer vi saka i lokalaviser, Norsk lysningsblad og på nettstaden sft.no. Du kan og ta kontakt med SFT for å få kjennskap til saka.      
  • Du kan medverke i forskriftsarbeidet
    Når vi skal utarbeide ei forskrift, er det viktig at dei med kunnskap og erfaring på området deltek i arbeidet. Vi ber tidleg om informasjon frå forskarar, næringsliv, fagorganisasjonar og andre. Før ei forskrift blir vedteken, sender vi ho ut på offentleg høyring til dei institusjonane og interessegruppene i samfunnet som forskrifta skal gjelde for. Dokumentene vert og lagt ut på nettstaden vår, sft.no. 

Brukarar av nettstaden kan abonnere per e-post på informasjon om nye kunngjeringer og høyringer.

Alle som ønskjer det, kan sende oss ein uttale. Vi tek alle tilrådingar alvorleg, men må avvege alle forslag i høve til kva samfunnet som heilskap er best tent med.

Mange av SFT sine forskrifter er bygde på felles reguleringar i heile EU/EØS-området. Gjennom EØS-avtalen er Noreg med og utviklar ein del av regelverket. Under prosessen i EU vil vi så langt det er mogeleg innhente synspunkt frå dei norske aktørane som reglane skal gjelde for.


Korleis søkjer du om løyve og dispensasjon?

Når må du søkje om løyve?

Dersom du ønskjer å starte ei verksemd som kan forureine, må du søkje SFT om løyve i høve til forureiningsloven. Det gjeld og om du ønskjer å endre drifta ved ei verksemd som alt har fått løyve og endringa aukar forureininga eller fører til utslepp av andre typar forureining. Søknadsskjema finn du på nettstaden vår. 

Ansvaret for å behandle søknader om utslepp frå einskildkjelder er delt mellom SFT, fylkesmannen og kommunen. SFT har først og fremst ansvaret for større verksemder som kan ha dei største og/eller farlegaste utsleppa av forureiningar. Fylkesmannen og kommunen har som hovudregel ansvaret for små og mellomstore verksemder som har lokale utslepp. Den ansvarlege instansen gir løyve.

Klimakvotelova har særskilde reglar om å søkje om løyve som gjeld dei verksemdene som har kvotepliktig utslepp av CO2.

Behandling av søknad

Dersom du har gitt dei opplysningane som er nødvendige, tek vi til å behandle søknaden. Når viktige opplysningar manglar, vil vi returnere søknaden raskt og informere om kva opplysningar som manglar. Dersom konklusjonen er at du ikkje treng løyve, så skal du få melding om det.

Før SFT gir løyve, vil vi innhente synspunkt på søknaden frå partar som naboar, velforeiningar, kommune, fylkesmann, fylkeskommune og kjende organisasjonar som tek vare på partane sine interesser. For å sikre alle partane sin rett til å sjå søknaden legg vi han ut til offentleg gjennomsyn og varslar om det i lokalavisene.

Som part vil du få skriftleg melding om den endelege avgjerda. I saker med mange partar kunngjer vi resultatet offentleg i aviser og Norsk lysingsblad. Eit endeleg løyve er offentleg tilgjengeleg. Den totale behandlingstida for ein søknad om utslepp er til vanleg 9-12 månader frå det tidspunktet søknaden med alle nødvendige opplysningar ligg føre.

Unntak eller dispensasjonar

Normalt vil forskrifter etter forureiningslova og lova om produktkontroll innehalde ein regel som gjer det mogeleg å gjere unntak. Du må sende ein grunngitt søknad til SFT dersom du meiner det er særlege grunnar for at det bør gjerast unntak, eller at det bør givast dispensasjon.


 

Kva kan du forvente når SFT kjem på tilsyn?

 

Alle verksemder som har plikter etter SFT sitt regelverk, kan få tilsynsbesøk. Vi har tilsyn både for å kontrollere at verksemdene følgjer reglane korrekt og på ein god måte, og for å rettleie dei systematisk i helse-, miljø- og tryggingsarbeid.

Kva er tilsyn og kva former for kontroll bruker vi?

Tilsynet omfattar kontroll og reaksjon etter kontrollen. Ved kontroll undersøkjer vi om verksemda oppfyller krava i regelverket. Kontrollen kan ta frå nokre timar til fleire dagar. Reaksjon etter kontroll set vi i verk når krava ikkje er oppfylte. 

Forutan kontroll ved tilsyn måler vi utslepp og kontrollerer produkt på marknaden, bransjeaksjonar og spesielle kampanjar.

Gjennomføring og kontroll

Nokre gonger melder vi frå om at vi kjem for å kontrollere. Andre gonger kjem vi utan å melde frå. Når kontrolløren kjem, legitimerer han seg og tek kontakt med den daglege leiaren eller den som fungerer som det. Vi granskar dokument, har samtalar med dei tilsette og gjennomgår verksemda. På den måten vil vi danne oss eit bilete av helse-, miljø- og tryggingsarbeidet i verksemda med vekt på SFT sitt regelverk.

Vi avsluttar kontrollen med å presentere resultata av gjennomgangen munnleg. Før vi avsluttar, skal representantar for verksemda og etaten vår vere einige om dei faktiske tilhøva som vart avdekte. Kontrollen blir følgd opp med ein skriftleg rapport.

Korleis reagerer vi på manglande oppfølging og avvik frå regelverket?

Dersom det er avdekt avvik frå SFTs regelverk ved kontrollen, får verksemda ein frist for å gi tilbakemelding om tiltak som er sette i verk eller planar om å gjennomføre tiltak. SFT kan og påleggje verksemda å gjere nødvendige undersøkingar. Til vanleg vil vi gi verksemda rimeleg tid, slik at ho kan førebu og gjennomføre dei utbetringane som er nødvendige. SFT ventar at dei pålagde fristane blir haldne. Dersom verksemda di er ueinig i SFT sitt vedtak, kan du klage innan ein oppgitt frist.

Dersom SFT sitt regelverk ikkje er følgt eller ikkje blir følgt opp etter pålegg, kan SFT bruke tvangsmulkt eller melde verksemda til politiet.

Samordning av tilsyn mellom dei ulike styresmaktene

Dersom fleire helse-, miljø- og tryggingsmyndigheiter har planlagt tilsyn som vil vare fleire dagar same året, kan du til vanleg rekne med at dei samordnar det seg imellom. Samordninga inneber at dei gjer kontrollen samtidig eller koordinerer han i tid. 


 

Kva vedtak kan du klage på?

 

Hovudregelen er at du kan klage på alle einskildvedtak. Når ein klage er behandla ferdig, kan du vanlegvis ikkje klage på vedtaket i klagesaka.

Kven har klagerett?

Du kan klage dersom du er part i saka. Lova opnar likevel for at også andre kan klage. Det gjeld for eksempel organisasjonar som ikkje er partar, men likevel har prinsipiell interesse i saka ut frå dei måla organisasjonen har. Når ein slik organisasjon eller ein person har klaga, får dei vanleg rolle som part under behandlinga av klagen og dermed rett til å sjå dokumenta i saka.

Klagefrist og formkrav

Fristen for å klage er til vanleg tre veker etter at vedtaket er motteke. Dersom du er pålagd å gi opplysningar til SFT, er klagefristen tre dagar. Klagen skal vere skriftleg og bør vanlegvis vere grunngitt. Klagen skal underskrivast av klagaren eller fullmektigen hans.

Kven er klageinstans?

Ein klage på eit einskildvedtak som SFT har gjort, skal sendast til SFT. Dersom SFT tek klagen til følgje, blir vedtaket gjort om. Dersom SFT ikkje godtek klagen, blir saka send til Miljøverndepartementet, som avgjer saka.

Ein klage på eit enkeltvedtak som er gjort av fylkesmannen, skal sendast til han. Dersom fylkesmannen ikkje godtek klagen, sender han saka til SFT, som avgjer saka.


Kva tenester må du betale for?

For å dekkje dei utgiftene styresmaktene har til å behandle søknader og kontrollere, må du betale for:

  • behandling av søknader om løyve og endring av løyve            
  • kontroll av verksemder som har løyve            
  • førehandsmelding av nye kjemiske stoff            
  • kontroll av verksemder som produserer, omset eller fører inn helse- og miljøfarlege kjemikal


 

Kvar kan du varsle akutt forureining?

  • Du skal varsle brannstellet på telefon 110 ved akutt forureining på land. Brannstellet er kopla opp til Kystverkets døgnkontinuerlege vaktordning. Om nødvendig kan vakta påleggje tiltak.            
  • Du skal varsle om akutt forureining frå fartøy til nærmaste kystradio.            
  • Du skal varsle om akutt forureining frå verksemd på kontinentalsokkelen til Hovudredningssentralen og Oljedirektoratet.            
  • Luftfartøy som oppdagar akutt forureining, skal varsle den eininga i Lufttrafikktenesta som luftfartøyet har kontakt med.

Når du varslar om akutt forureining eller fare for akutt forureining, bør du opplyse om dette:

  • Kven du er            
  • Kvar forureininga har skjedd, og dessutan kva type akutt forureining det er og omfanget            
  • Om mogeleg kven som forureinar og kva årsaka er            
  • Vêrtilhøve og kva tiltak som er sette i verk for å avgrense forureininga


 

Korleis kan du hjelpe oss med å forbetre tenestene våre?

Vi er opptekne av å få kjennskap til:

  • kva du tykkjer om den sørvisen du får av oss              
  • kva du meiner vi bør gjere for å forbetre oss

Skriv eller ring til oss dersom du ønskjer å fortelje kva du synest om servicen vår. Du kan og bruke e-postadressa postmottak@sft.no.

  • Tips en venn
  • Få nyheter fra SFT på e-post
Til toppen av siden

Til toppen av siden