Til forside

Nyheter


Til toppen av siden

Det første oppgjeret med klimakvoter

22.03.06 Våren 2006 vert det første oppgjøret med klimakvoter gjennomført i Noreg. Innan 1. mai må alle verksemder med kvoteplikt overføre ei mengde klimakvoter som svarer til dei kvotepliktige CO2-utsleppa verksemda hadde i 2005 til statens oppgjerskonto. Skjema for overføring av kvoter er oppdatert.

Kvotepliktige verksemder:

  • Energianlegg større enn 20 MW
  • Raffinering av mineralolje
  • Produksjon av koks
  • Produksjon og foredling av jern og stål, herunder røsting og sintring av jernmalm
  • Produksjon av sement, kalk, glas, glasfiber og keramiske produkt

I alt vart 51 verksemder tildelt klimakvoter for 2005 til 2007. Verksemder med kvotepliktige utslepp i 2005 må overføre kvoter frå sin brukarkonto i kvoteregisteret til staten sin oppgjerskonto.

Fleksibelt system

Dersom eit føretak hadde større kvotepliktige utslepp enn tildelt kvotemengde i 2005, kan verksemda nytte både 2005- og 2006-kvoter til å gjere opp kvoteplikten.
Kvoter kan seljast
Føretak som har kvoter ”til overs” etter 2005-oppgjeret, kan overføre desse til neste år, selge dei til andre med konto i kvoteregisteret eller friviljug slette kvotene ved å overføre dei til statens annulleringskonto.

Berre norske kvoter

Unntatt frå kvoteplikt:     

  • Forbrenning av biomasse
  • Forbrenning av farleg avfall og kommunalt avfall
  • Verksemd som er pålagt avgifter etter årlege stortingsvedtak om CO2-avgift

SFT arbeidar med å koble det norske kvotesystemet opp mot kvotesystemet til EU. Inntil Noreg får ei kobling mot EU sitt kvotehandelssystem, er det norske kvoteregisteret eit manuelt register som vert administrert av SFT. I det manuelle kvoteregisteret er det berre norske kvoter som er gyldige.

Spørsmål kan rettast til SFT:

  • Prosjektleder Audun Rosland, klima- og energiseksjonen
    telefon: 22 57 35 47, mobil 95 70 21 84, e-post: audun.rosland@sft.no          
  • Overingeniør George-Nicholas Nelson, klima- og energiseksjonen
    telefon: 22 57 34 40, e-post: george-nicholas.nelson@sft.no
  • Tips en venn
  • Få nyheter fra SFT på e-post
Til toppen av siden

Til toppen av siden