
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir
Unntak fra forbud mot deponering av våtorganisk avfall i pilotforsøk for nedgraving av slakteavfallRelaterte tema:
Eksterne lenker
Lokal nedgraving av slakteavfall fra rein - et pilotforsøk (Fylkesmannen i Finnmark)Miljøkonsekvensar av reinslakteavfall
04.10.06 Innovasjon Noreg i samarbeid med reindriftseigarar skal utgreie miljøkonsekvensane ved nedgraving av reinslakteavfall i Finnmark. SFT gjev unntak frå forbodet mot deponering av våtorganisk avfall.
Landbruks- og matdepartementet meiner at det dyrevernmessig er ein fordel med slakting i felt eller ved mobile anlegg fordi ein da unngår transport av levande rein. Dette gjev også høve til å ta vare på biproduktar som er viktige som råstoff til samisk handverk og samisk tradisjonsmat. SFT er einig i at nedgraving av små mengder reinslakteavfall kan vere uproblematisk, men større mengder reinslakteavfall må handterast gjennom dei etablerte avfallshandteringssystema. SFT ynskjer likevel betre kunnskap om miljøkonsekvensane. Pilotforsøket i regi av Innovasjon Noreg vil utgreie dette.Meir kunnskap om miljøkonsekvensane
Spørsmål kan rettast til SFT:
- Rådgjevar Lise Kristin Svenning Jensen, avfallsseksjonen
telefon: 22 57 35 16, e-post: lise.svenning.jensen@sft.no - Seksjonssjef Kari Aa, avfallsseksjonen
telefon: 22 57 35 26, e-post: kari.aa@sft.no