Til forside

Nyheter


Til toppen av siden

Fann ikkje forbodne fargestoff

30.10.06 SFT har kontrollert 40 tekstil- og lærprodukt for barn. Kontrollen synte at ingen av produkta inneheldt forbodne azofargestoff.

Regulering av azofargestoff:

  • Kravet i produktforskrifta er at tekstil- og lærvarer som kan kome i langvarig kontakt med hud eller munnholer ikkje skal innehalde azofargestoff som kan brytast ned til spesifiserte aromatiske aminar (arylaminar) i påvisbare konsentrasjonr (dvs > 30 ppm).   
  • Arylaminane er spesifisert i ein tabell i §3-4 i produktforskrifta.

I juni og august kontrollerte SFT 40 tekstil- og lærprodukt til barn frå 16 butikkar i Oslo-området og fire nettbutikkar. Butikkane er i hovudsak kjedebutikkar med lågprisprofil, butikkar med eigenimport frå Asia og nettbutikkar som dekkar heile landet.

Analysar synte at produkta ikkje inneheldt dei forbodne fargestoffa azofargestoff.

Sluttrapport i 2007
Kontrollen var ein del av eit større europeisk tilsynsprosjekt (EurAzo) der Noreg deltek. Sluttrapporten for heile prosjektet vil vere klar i 2007.

 

 

 

Spørsmål kan rettes til:

  • Overingeniør Gro Hagen, seksjon for produkt- og offshorekontroll
    telefon: 22 57 34 52, e-post: gro.hagen@sft.no    
  • Overingeniør Ragnhild Orvik, seksjon for produkt- og industrikontroll,
    telefon: 22 57 34 78, e-post: ragnhild.orvik@sft.no    
  • Seksjonssjef Cecilie Kristiansen, seksjon for produkt- og offshorekontroll,
    telefon: 22 57 34 69, e-post: cecilie.kristiansen@sft.no
  • Tips en venn
  • Få nyheter fra SFT på e-post
Til toppen av siden

Til toppen av siden