
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Foreslår tilskotsordning for vedfyring
20.11.06 SFT foreslår ei statleg tilskotsordning til tiltak som kan redusere utslepp av partiklar frå vedfyring. Ordninga vil fyrst og fremst vere retta mot større byar og tettstader med dårleg luftkvalitet, og der fyring med ved er ei årsak til den dårlege luftkvaliteten.
Vedfyring og svevestøv
- Vedfyring og veitrafikk er de viktigste kildene til høye nivåer av svevestøv i byer og tettsteder
- Vedfyring står for opp mot 70 prosent av de totale utslippene av partikler (svevestøv) i Norge
- Vedfyring er også en viktig kilde for utslipp av dioksiner og PAH (polyaromatiske hydrokarboner) og står for nesten 30 prosent av PAH-utslippene i Norge
- Tiltak for å redusere utslipp fra vedfyring er viktig for å redusere negative helseeffekter av lokal luftforurensning
Ordninga vil primært omfatte dei største byane/byområda i Noreg, samt større tettsteder på det sentrale Østlandet. For at ein kommune skal kunne søke om støtte for å redusere utslepp av partiklar frå vedomnar, må dei utarbeide ein konkret tiltaksplan knytta til korleis dei skal gjere dette. Slik vil det vere opp til den enkelte kommune å utforme støtteordninga i praksis.
Mindre luftforureining – større energieffektivitet
Formålet med innføring av ei statleg støtteordning er å støtte tiltak for å nå miljømåla for partikkelutslipp. Enkelte av tiltaka for å redusere luftforureininga kan også gje auka energieffektivitet knytta til vedfyring. For eksempel er nye, reintbrennande omnar meir energieffektive enn gamle vedomnar.
Aktuelle tiltak
- Utskifting frå gammel omn til ny reintbrennande omn
- Montering av pipehatt for reinsing av røykgassar
- Montering av etterbrennar i omnen for å gjere forbrenninga meir effektiv og dermed redusere utsleppa
På grunn av lokale variasjonar, vil det vere opp den enkelte kommune å vurdere kva for tiltak som er mest effektive.
30 millionar kroner fyrste sesong
SFT foreslår 30 millioner kroner over statsbudsjettet til fyringssesongen 2007/08. Ordninga bør oppretthaldast og eventuelt styrkast i åra framover.
Spørsmål kan rettes til SFT:
- Seksjonssjef Hans Aasen, seksjon for miljøøkonomi, samferdsel og regional oppfølging
telefon: 22 57 34 13, e-post: hans.aasen@sft.no - Roar Gammelsæter, seksjon for miljøøkonomi, samferdsel og regional oppfølging
telefon: 22 57 35 71, e-post: rg@sft.no - Are Lindegaard: seksjon for miljøøkonomi, samferdsel og regional oppfølging
telefon: 22 57 37 28, e-post: arl@sft.no