Til forside

Nyheter


Til toppen av siden

Tilrår ikkje avgift på forbrenning av spillolje

08.09.08 SFT tilrår at det ikkje blir lagt avgift på forbrenning av spillolje på lik linje med forbrenning av fyringsolje.

Statens forureiningstilsyn (SFT) har vurdert konsekvensane av å legge avgift på forbrenning av spillolje på lik linje med forbrenning av fyringsolje. Ei slik avgift kan føre til auka mengder spillolje på avveg og auka ulovleg brenning.

Dette vil vere i strid med det nasjonale målet om at mest mogeleg farleg avfall skal samlast inn og behandlast forsvarleg. SFT meiner at spillolje ikkje er ein reell konkurrent til andre typar brensel, og at avgiftsfritaket ikkje påverkar oppnåinga av utsleppsmålet for CO2.

  • Tips en venn
  • Få nyheter fra SFT på e-post
Til toppen av siden

Til toppen av siden