Forbod mot to bromerte flammehemmarar
I tråd med miljøvernstyresmaktene sin handlingsplan for reduksjon av utsleppa av bromerte flammehemmarar, foreslår SFT forbod mot penta- og okta-bromdifenyleter. Høyringsfristen er 20. januar 2004.
Penta-bromdifenyleter er nytta i produksjon av møbelstoff i Noreg, mens det ikkje er kartlagd bruk av okta-bromdifenyleter. Dei to stoffa har alvorlege helse- og miljøeffektar. Forbod mot all bruk SFT meiner forbodet mot dei to bromerte flammehemmarane er viktig for miljøet og at kostnadene for næringslivet vil vere lave. SFT foreslår å ta inn forbodet i forskrift av om avgrensingar i bruk m.m. av enkelte farlege kjemikal og at det tre i kraft i juli 2004. Forslaget er gjennomføring av EU-direktivet om begrensning av markedsføring og bruk av visse farlige kjemikalier (penta-bromdifenyleter og okta-bromdifenyleter) (2003/11/EF). Les meir: Spørsmål kan rettast til SFT: - Seksjonssjef Anne-Grethe Kolstad, seksjon for kjemikal og kjemisk industri
- telefon: 22 57 35 05, e-post: anne-grethe.kolstad@sft.no
- Senioringeniør Solvår Hardeng, seksjon for kjemikal og kjemisk industri
telefon 22 57 34 64, e-post: solvar.hardeng@sft.no
|