http://www.sft.no/nyheter/dbafile10479.html

28.11.03
Forbod mot to bromerte flammehemmarar

I tråd med miljøvernstyresmaktene sin handlingsplan for reduksjon av utsleppa av bromerte flammehemmarar, foreslår SFT forbod mot penta- og okta-bromdifenyleter. Høyringsfristen er 20. januar 2004.

Penta-bromdifenyleter er nytta i produksjon av møbelstoff i Noreg, mens det ikkje er kartlagd bruk av okta-bromdifenyleter. Dei to stoffa har alvorlege helse- og miljøeffektar.

Forbod mot all bruk
SFT meiner forbodet mot dei to bromerte flammehemmarane er viktig for miljøet og at kostnadene for næringslivet vil vere lave. SFT foreslår å ta inn forbodet i forskrift av om avgrensingar i bruk m.m. av enkelte farlege kjemikal og at det tre i kraft i juli 2004.

Forslaget er gjennomføring av EU-direktivet om begrensning av markedsføring og bruk av visse farlige kjemikalier (penta-bromdifenyleter og okta-bromdifenyleter) (2003/11/EF).

Les meir:

Spørsmål kan rettast til SFT:

  • Seksjonssjef Anne-Grethe Kolstad, seksjon for kjemikal og kjemisk industri        
  • telefon: 22 57 35 05, e-post: anne-grethe.kolstad@sft.no        
  • Senioringeniør Solvår Hardeng, seksjon for kjemikal og kjemisk industri
    telefon 22 57 34 64, e-post: solvar.hardeng@sft.no

Tips en venn             Utskriftsversjon             Abonner på SFTs nyheter per e-post

Send tipset til:  Din e-post: 
Din melding:
 
 
Statens forurensningstilsyn (SFT)



Strømsveien 96, Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo | Tlf: 22 57 34 00 | Faks: 22 67 67 06 | E-post: postmottak@sft.no