
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Miljøstatus i Norge
Babypleieprodukt ikkje hormonhermande
09.12.03 Babypleieprodukt som inneheld parabenar, er ikkje miljøskadelege og hormonforstyrrande. Statens næringsmiddeltilsyn (SNT) har i tillegg konkludert med at produkta ikkje er helsefarlege.
Norsk institutt for vassforsking (NIVA) har undersøkt miljøeffekten av parabenar på oppdrag frå SFT og Miljøverndepartementet. Dei skriv at parabener er lett nedbrytbare stoff med lite potensial for oppkonsentrering i organismar.
Urealistisk undersøking
Grønn Hverdag presenterte i oktober i år ein rapport der det blei hevda at parabenar er hormonhermande. Studiet som låg til grunn for rapporten viste svak østrogenhermande effekt i fisk. NIVA konkluderar med at studiet er utført ved urealistisk høge konsetrasjonar.
Vidare arbeid
SFT og SNT har starta eit samarbeid for å finne ut kva stoff i kosmetikk som finnast på SFTs liste over spesielt helse- og miljøfarleg stoff (OBS-lista). Dette arbeidet er sett igang for å vurdere om det er nødvendig med tiltak for å redusere bruken i kosmetiske produkt spesielt.