
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
- SFT er eit direktorat under Miljøverndepartementet som blei oppretta i 1974.
- SFT har 270 medarbeidarar. Hovudkontoret vårt er på Helsfyr i Oslo, men vi har og kontor i Skien.
- Vi arbeider for at forureining, skadelege produkt og avfall ikkje skal føre til helseskade, gå ut over trivselen eller skade naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.
- Vi har eit særleg ansvar for forureining av hav og vatn, helse- og miljøfarlege kjemikal, avfall og gjenvinning, klimaendringar, luftforureining og støy.
- Vi skal vere ein aktiv etat som har oversikt over miljøtilstanden, analyserer utviklinga og seier tydeleg ifrå om nye miljøtruslar eller negativ utvikling av miljøet.
- SFT prioriterer arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikal og klimaendringar, som er dei viktigaste miljøtruslane.
- SFT har ansvaret for å følgje opp forureiningslova, produktkontrollova og klimakvotelova.
- Vi gir mellom anna utsleppsløyve og kontrollerer at løyva blir følgde. Vi følgjer og opp ein del reglar som er knytte til lovene.
- Stadig fleire einskildsaker blir overførte til regionalt nivå. SFT følgjer opp saksområda og overfører kompetanse til dei som skal behandle sakene.
- Ei anna sentral oppgåve for SFT er å gi Miljøverndepartementet råd, rettleiing og fagleg grunnlagsmateriell.
- Miljøproblema kjenner ingen grenser, og det internasjonale arbeidet er svært viktig. SFT deltek aktivt i mange internasjonale fora og vidareutviklar bistandsarbeidet i samarbeid med Norad.