Fristen for å skifte ut PCB-haldige kondensatorar i lysarmatur er 1. januar 2005. Etter visse vilkår er det mogeleg å søkje om utsetting og SFT ser at mange som søkjer innfrir desse vilkåra.
Generell fristutsetting med vilkår
SFT foreslår difor ei generell fristutsetting med dei same vilkår som i dag blir stilt for einskildvedtak om fristutsetting etter søknad. Forslaget vil ikkje redusere tryggleiken for helse eller miljø, eller svekke våre internasjonale avtalar om PCB. Forslaget er nedfelt i forskrift om begrensning i bruk av helse- og miljøfarlige kjemikalier og visse produkter (produktforskriften).
Kontrollaksjon i 2005
Det er planlagt ein landsomfattande kontrollaksjon i 2005 for å ettersjå at kravet om utskifting er innfridd eller at det ligg føre bindande planar for utskifting. På denne måten vil me sikre at PCB-haldige kondensatorar blir tatt hand om på ein forsvarleg måte innan 3 år, sjølv om dei ikkje er tatt ut av bruk per 1.1.2005.
Høyringsfrist
Eventuelle kommentarar til forskrifta skal sendast SFT innane 18. oktober 2004.
Les meir:
Spørsmål kan rettast til SFT:
- Overingeniør Monika Lahti, seksjon for produktrettet miljøvern
telefon: 22 57 35 63, e-post: monika.lahti@sft.no - Overingeniør Morten Helle, seksjon for produktrettet miljøvern
telefon: 22 57 34 73, e-post: morten.helle@sft.no