http://www.sft.no/nyheter/dbafile12099.html

14.09.04
Endring av reglane om PCB i lysarmatur

SFT foreslår å endre regelverket om utfasing av PCB-haldige kondensatorar i lysarmatur. Dei som lagar godkjende planar for forsvarleg handtering av lysarmatura, kan få utsetting i tre år. Høyringsfristen er 18. oktober 2004.

Fristen for å skifte ut PCB-haldige kondensatorar i lysarmatur er 1. januar 2005. Etter visse vilkår er det mogeleg å søkje om utsetting og SFT ser at mange som søkjer innfrir desse vilkåra.

Generell fristutsetting med vilkår
SFT foreslår difor ei generell fristutsetting med dei same vilkår som i dag blir stilt for einskildvedtak om fristutsetting etter søknad. Forslaget vil ikkje redusere tryggleiken for helse eller miljø, eller svekke våre internasjonale avtalar om PCB. Forslaget er nedfelt i forskrift om begrensning i bruk av helse- og miljøfarlige kjemikalier og visse produkter (produktforskriften).

Kontrollaksjon i 2005
Det er planlagt ein landsomfattande kontrollaksjon i 2005 for å ettersjå at kravet om utskifting er innfridd eller at det ligg føre bindande planar for utskifting. På denne måten vil me sikre at PCB-haldige kondensatorar blir tatt hand om på ein forsvarleg måte innan 3 år, sjølv om dei ikkje er tatt ut av bruk per 1.1.2005.

Høyringsfrist
Eventuelle kommentarar til forskrifta skal sendast SFT innane 18. oktober 2004.

Les meir:

Spørsmål kan rettast til SFT:  

  • Overingeniør Monika Lahti, seksjon for produktrettet miljøvern
    telefon: 22 57 35 63, e-post: monika.lahti@sft.no       
  • Overingeniør Morten Helle, seksjon for produktrettet miljøvern
    telefon: 22 57 34 73, e-post: morten.helle@sft.no

Tips en venn             Utskriftsversjon             Abonner på SFTs nyheter per e-post

Send tipset til:  Din e-post: 
Din melding:
 
 
Statens forurensningstilsyn (SFT)



Strømsveien 96, Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo | Tlf: 22 57 34 00 | Faks: 22 67 67 06 | E-post: postmottak@sft.no