- Det er ikkje påvist at mjuke plastleikar fører til helseskade, men for å vere på den sikre sida åtvarar me mot denne typen leikar til små barn under 3 år, seier SFT-direktør Håvard Holm.
SFT er føre-var når det gjeld mjuke plastleikar fordi så små barn som regel puttar desse leikane i munnen, og då kan dei få i seg ftalater. Stoffgruppa ftalater er ikkje kjemisk bunde til plasten, og når barna tygg og syg på mjuke PVC-produkt vil ftalata kunne bli frigitt. SFT utarbeider no ei forskrift som skal forby ftalater i leikar og småbarnsprodukt, og stikkprøva er ein del av forarbeidet til forskrifta for å finne ut om produkta er på den norske marknaden.
Av 15 undersøkte plastbadedyr, plastbadebøker og mjuke biteringar var det 12 som inneheldt ftalat. Tre av dei analyserte leikane inneheldt ikkje ftalat. Dei undersøkte produkta er rekna for å vere representative innanfor kvar sitt produktområde. - Når så mange som 12 av 15 undersøkte mjuke leikety inneheldt ftalat, reknar me med at mange mjuke plastleikar inneheld ftalater, seier Holm. Det er påvist at fylgjande produkt inneheld frå 25 til 40 prosent ftalater:
Merkenamn/ produsent | Varenamn | Produkt- informasjon |
Pozy | bäbies/pipdjur vinyl | biteball med tapper/bitemine |
Safety Toys | | badekar med ender og baderingar |
Pozy | bäbies/badanka vinyl | badeand |
Kiki.Joy | Squeaky toy | badeand |
Playwell | Duck Family | stor badeand med småender |
Chicco | Softy | badesel |
Baby Consept | Jack & Jill | badebok |
Litor | Badeboka mi | badebok |
Brio | Baby | badebok |
Shelcore | Water Toy/Squirtees | mjukdyr, klemmedyr |
Shelcore | Sea World/Baby Shamu | badehai |
Mattel | Disney/Winnie the Pooh | (Nasse Nøff) |
Ftalater blir brukt for å gjere PVC-plasten mjuk og har i lang tid vore brukt som mjukgjerar i plast. I seinare tid har det kome opplysningar som kan tyde på at ftalater kan vere skadeleg for reproduksjon, ha hormonhermande effekt og vere kreftframkallande.