| http://www.sft.no/nyheter/dbafile1289.html |
14.01.99
|
Åtvarer mot mjuke plastleikar til småbarn Ei stikkprøve SFT har gjennomført viser at 80 prosent av leikar av mjuk plast kan innehalde mjukemiddel (ftalater), som kan gi uheldige langtidsverknader for helse og miljø.
Av 15 undersøkte plastbadedyr, plastbadebøker og mjuke biteringar var det 12 som inneheldt ftalat. Tre av dei analyserte leikane inneheldt ikkje ftalat. Dei undersøkte produkta er rekna for å vere representative innanfor kvar sitt produktområde. - Når så mange som 12 av 15 undersøkte mjuke leikety inneheldt ftalat, reknar me med at mange mjuke plastleikar inneheld ftalater, seier Holm. Det er påvist at fylgjande produkt inneheld frå 25 til 40 prosent ftalater: Merkenamn/ Varenamn Produkt- informasjon Pozy bäbies/pipdjur vinyl biteball med tapper/bitemine Safety Toys badekar med ender og baderingar Pozy bäbies/badanka vinyl badeand Kiki.Joy Squeaky toy badeand Playwell Duck Family stor badeand med småender Chicco Softy badesel Baby Consept Jack & Jill badebok Litor Badeboka mi badebok Brio Baby badebok Shelcore Water Toy/Squirtees mjukdyr, klemmedyr Shelcore Sea World/Baby Shamu badehai Mattel Disney/Winnie the Pooh (Nasse Nøff) Ftalater blir brukt for å gjere PVC-plasten mjuk og har i lang tid vore brukt som mjukgjerar i plast. I seinare tid har det kome opplysningar som kan tyde på at ftalater kan vere skadeleg for reproduksjon, ha hormonhermande effekt og vere kreftframkallande. |
| Statens forurensningstilsyn (SFT) |
|
Strømsveien 96, Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo | Tlf: 22 57 34 00 | Faks: 22 67 67 06 | E-post: postmottak@sft.no |