Miljøvenleg areal- og transportplanlegging i byar og tettstader
Eit nytt eletronisk planleggingsverkty kan gjere det enklare å planleggje miljøvenlege byar og tettstader. ATP-modellen kan nyttast til mellom anna å vurdere plasseringa av nye vegar, kollektivløysingar og større verksemder. Det viser resultata frå eit prøveprosjekt i Sør-Trøndelag, Hordaland, Hedmark og Telemark.
Bakgrunnsinformasjon og kontaktpersoner Modellen for areal- og transportplanlegging (ATP-modellen) er eit planverkty som kan vise tilgang til dei ulike areala i høve til ulike typar transportmiddel. Rett verksemd på rett stad Resultata er eigna som grunnlag for praktisering av den nederlandske ABC-politikken: "Rett verksemd på rett stad". Denne tek sikte på å samordne arealbruken og transportsystemet slik at tilgjengelegheita blir betre, transportbehovet redusert og fleire nyttar miljøvenlege transportmiddel. Samarbeid om uttesting og formidling I samarbeid med Miljøverndepartementet har SFT ansvar for å leggje tilhøva til rette slik at regionale og lokale etatar har tilgang til eigna planleggingsverkty for å samordne arealbruken og transportsystema. Brukarnettverk I samarbeid med Vegdirektoratet, Statens vegvesen og dei fire fylkeskommunane Sør-Trøndelag, Hordaland, Hedmark og Telemark, samt Bergen kommune, har SFT tatt initiativ til eit brukarnettverk og testa ATP-modellen. Konsultentfirmaet Asplan Viak Trondheim har utvikla modellen. Det blir teke sikte på å vidareføre og utvide brukarnettverket til større brukargrupper for å sikre kompetanseoppbygging og samarbeid på tvers av etatane. Spørsmål kan rettast til SFT
|