http://www.sft.no/nyheter/dbafile6367.html

05.02.02
Miljøvenleg areal- og transportplanlegging i byar og tettstader

Eit nytt eletronisk planleggingsverkty kan gjere det enklare å planleggje miljøvenlege byar og tettstader. ATP-modellen kan nyttast til mellom anna å vurdere plasseringa av nye vegar, kollektivløysingar og større verksemder. Det viser resultata frå eit prøveprosjekt i Sør-Trøndelag, Hordaland, Hedmark og Telemark.

Bakgrunnsinformasjon og kontaktpersoner

Modellen for areal- og transportplanlegging (ATP-modellen) er eit planverkty som kan vise tilgang til dei ulike areala i høve til ulike typar transportmiddel.

Rett verksemd på rett stad
Resultata er eigna som grunnlag for praktisering av den nederlandske ABC-politikken: "Rett verksemd på rett stad". Denne tek sikte på å samordne arealbruken og transportsystemet slik at tilgjengelegheita blir betre, transportbehovet redusert og fleire nyttar miljøvenlege transportmiddel.

Samarbeid om uttesting og formidling
I samarbeid med Miljøverndepartementet har SFT ansvar for å leggje tilhøva til rette slik at regionale og lokale etatar har tilgang til eigna planleggingsverkty for å samordne arealbruken og transportsystema.

Brukarnettverk
I samarbeid med Vegdirektoratet, Statens vegvesen og dei fire fylkeskommunane Sør-Trøndelag, Hordaland, Hedmark og Telemark, samt Bergen kommune, har SFT tatt initiativ til eit brukarnettverk og testa ATP-modellen. Konsultentfirmaet Asplan Viak Trondheim har utvikla modellen.

Det blir teke sikte på å vidareføre og utvide brukarnettverket til større brukargrupper for å sikre kompetanseoppbygging og samarbeid på tvers av etatane.

Les meir
Spørsmål kan rettast til SFT

Tips en venn             Utskriftsversjon             Abonner på SFTs nyheter per e-post

Send tipset til:  Din e-post: 
Din melding:
 
 
Statens forurensningstilsyn (SFT)



Strømsveien 96, Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo | Tlf: 22 57 34 00 | Faks: 22 67 67 06 | E-post: postmottak@sft.no