| http://www.sft.no/nyheter/dbafile552.html |
19.02.99
|
Melder OSL til politiet Mangelfulle drift- og kontrollrutiner for avising ved OSL er årsak til fleire av problema som er avdekka ved Oslo Lufthavn, Gardermoen (OSL). Det viser ein inspeksjonsrapport frå SFT.
OSL har gjort alvorlege brot på utsleppløyvet frå SFT og forureiningslova. Selskapet har plikt til å rette opp avvik som står i rapporten straks, og er gitt nye pålegg med korte tidsfristar. Etter ei samla vurdering av fleire episodar ved Oslo Lufthavn hausten 1998 og vinteren 1999 har SFT bestemt å melde OSL til politiet for brot på forureiningslova. SFT var på inspeksjon på Oslo Lufthavn (OSL) den 28. og 29. januar. Rapporten viser at OSL har forureina grunn og grunnvatn, og at det har vore eit stort overforbruk at avisingskjemikal. SFT reagerer strengt på dei siste utsleppa, mellom anna fordi det i fjor var fleire episodar som gav flyplassleiinga gode indikasjonar på at deira rutiner og drift av avisinga ikkje fungerte godt nok. Overbelastning av jordreinseanlegget Tidlegare drifterfaringar Innan 30. april skal det lagast eit nytt kontroll- og overvakingsprogram for vasshandtering og vassressursar. Her skal det inkluderast dokumenterte prosedyrer, interne drifts- og rapporteringsrutiner og avisingskriterier. Mangelfull kontroll og overvaking Vern av grunnvatn Det har heile tida vore kjent at vasskvaliteten ikkje er optimal, men ikkje så dårleg at vatnet ikkje kan brukast etter reinsing. Ved utbygginga av flyplassen blei det også rydda opp fleire stader i grunnen for å hindre auka forureininga. Vern av grunnvatnet er også viktig for landskapsverneområdet som ligg nord og sør for flyplassen. Dersom vassbalansen blir forstyrra kan dette føre til at desse områda blir øydelagde. Bakgrunn: I mai 1998 melde OSL at det var funne glykol i grunnvatnet ved austre bane og at jordreinseanlegget ikkje fungerte som det skulle. Årsaka var at OSL ikkje hadde starta drift av jordreinseanlegget slik som det var foreskrive. OSL sette i verk tiltak som blei avslutta 22. desember 1998. Beggje rullebanene blei tekne i bruk 8. oktober i fjor. Hausten 1998 fekk SFT fleire meldingar frå OSL om ureglementert glykolforureining på fleire stader på flyplassområdet. SFT var på inspeksjon den 3. desember 1998, og inspeksjonsrapport av 11. januar viste tre episodar som er brot på forureiningslova og utsleppsløyvet. I januar melde OSL om ytterlegare problem: Det var brukt 30 prosent meir baneavisingsmiddel i 1998 enn det som det var gitt løyve til, hhv.175 tonn og 137 tonn. Dei tre første vekene i 1999 blei det brukt om lag 70 tonn baneavisingsmiddel, eller halvparten av det som er rekna som årleg forbruk i utsleppsløyvet. I januar/februar kom det melding om forureining av grunnen, og deretter at det var påvist acetat og glykol i grunnvatnet under austre bane. SFT reiste på inspeksjon 28 og 29. januar, og krevde tiltak for å få reinsa grunnvatnet og dokumentasjon på overvaking og betre rutiner for avising. |
| Statens forurensningstilsyn (SFT) |
|
Strømsveien 96, Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo | Tlf: 22 57 34 00 | Faks: 22 67 67 06 | E-post: postmottak@sft.no |