http://www.sft.no/nyheter/dbafile7280.html

18.07.02
Oppryddinga i Sandefjord kan starte

Sandefjord kommune, lokale verksemder og SFT er blitt samde om finansieringa av oppryddinga i sjøbotnen innerst i Sandefjord. Dette pilotprosjektet kan få mykje å seie for andre norske fjordar og hamner.

Oppryddinga i Sandefjordsfjorden vil koste totalt 26,7 millionar kroner. Av dette betaler SFT nær to tredelar. Kommunen og næringslivet betalar resten. Industriverksemdene som har stått for mesteparten av forureininga i det aktuelle området, eksisterar ikkje lenger. Dermed er det vanskeleg å fullt ut etterleve prinsippet om at forureinar skal betale.

Viktig pilotprosjekt
- SFT betalar ein relativt stor del fordi me meiner pilotprosjektet i Sandefjord vil gi oss viktig erfaring. Det er viktig å få gjennomført konkrete oppryddingstiltak i eit hamneområde. Mellom anna vil ein kunne dokumentere effektane av tiltaka ved hjelp av oppfølgande overvaking av miljøtilstanden, seier SFT-direktør Håvard Holm.

Stor innsats lokalt
For å hindre ytterlegare forureining blir det lagt ned ein stor innsats lokalt for å stogge tilførsel frå kjelder på land. SFT forventar at pilotprosjektet i Sandefjord vil gi viktig kunnskap som me kan bruke i den vidare nasjonale satsinga av opprydding i fjordar og hamner. Oppryddinga i Sandefjordsfjorden skal etter planen avsluttast neste år.

Les meir:

Spørsmål kan rettast til SFT:


Tips en venn             Utskriftsversjon             Abonner på SFTs nyheter per e-post

Send tipset til:  Din e-post: 
Din melding:
 
 
Statens forurensningstilsyn (SFT)



Strømsveien 96, Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo | Tlf: 22 57 34 00 | Faks: 22 67 67 06 | E-post: postmottak@sft.no