http://www.sft.no/om_oss/




Om SFT

Statens forureiningstilsyn (SFT) skal medverke til å skape ei berekraftig utvikling.

  • SFT er eit direktorat under Miljøverndepartementet som blei oppretta i 1974.

  • SFT har 270 medarbeidarar. Hovudkontoret vårt er på Helsfyr i Oslo, men vi har og kontor i Skien.

  • Vi arbeider for at forureining, skadelege produkt og avfall ikkje skal føre til helseskade, gå ut over trivselen eller skade naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.

  • Vi har eit særleg ansvar for forureining av hav og vatn, helse- og miljøfarlege kjemikal, avfall og gjenvinning, klimaendringar, luftforureining og støy.

  • Vi skal vere ein utetterretta og aktiv etat som har oversikt over miljøtilstanden, analyserer utviklinga og seier tydeleg ifrå om nye miljøtruslar eller negativ utvikling av miljøet.

  • SFT prioriterer arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikal og klimaendringar, som er dei viktigaste miljøtruslane.

  • SFT har ansvaret for å følgje opp forureiningslova og produktkontrollova.

  • Vi gir mellom anna usleppsløyve og kontrollerer at løyva blir følgde. Vi følgjer og opp ein del reglar som er knytte til lovene.

  • Dei ulike sektorane har ansvaret for å integrere miljøomsyn i arbeidet sitt. SFT arbeider for å gjere ansvaret tydeleg og vil lage eit system for å følgje opp resultata.

  • Stadig fleire einskildsaker blir overførte til regionalt nivå. SFT følgjer opp saksområda og overfører kompetanse til dei som skal behandle sakene.

  • Ei anna sentral oppgåve for SFT er å gi Miljøverndepartementet råd, rettleiing og fagleg grunnlagsmateriell.

  • Miljøproblema kjenner ingen grenser, og det internajonale arbeidet er svært viktig. SFT deltek aktivt i mange internasjonale fora og vidareutviklar bistandsarbeidet i samarbeid med Norad.

  • Strategisk plan fra 2003

  • Tips en venn             Utskriftsversjon             Abonner på SFTs nyheter per e-post
    Send tipset til:  Din e-post: 
    Din melding:
     










    Dette er SFT





    Organisasjonskart


    Strategisk plan


    Offentlig journal


    Serviceerklæring


    Ledige stillinger


    Grafisk profil


    Historien


    Grønt SFT











    Adresser til SFT





    SFTs hovedkontor
    Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo
    Telefon: 22 57 34 00
    Telefaks: 22 67 67 06
    E-post: postmottak@sft.no
    Internett: www.sft.no
    Besøk: Strømsveien 96, Helsfyr
    Organisasjonsnr.: 970 935 657


    SFT i Grenland
    Seksjon for industrikontroll og måling
    Statens Hus, 3708 Skien
    Telefon: 35 58 61 20
    Telefaks: 35 53 00 20
    Besøk: Gjerpensgate 18, Skien











    Kontakt SFT





    Telefon og e-post til alle ansatte


    Pressekontakter


    Miljøvernforvaltningen i Norge











    SFT på andre språk





    Engelsk: Norwegian Pollution Control Authority


    Fransk: Inspection norvégienne pour la Prévention des Pollutions


    Tysk: Norwegisches Amt für Umweltschutz











    SFTs tjenester





    www.sft.no
    Nyheter, pressemeldinger, oversikt over publikasjonar og fulltekstversjonar, lover og forskrifter som SFT har ansvaret for, oversikt over ledige stillingar og skjema.


    www.miljostatus.no
    Oppdatert informasjon om forurensning, naturforvaltning og kulturminnevern. Nettstedet er et samarbeid mellom SFT, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, Norsk polarinstitutt og Statens kartverk.


    www.miljoreferanser.no
    Søketjeneste som gir opplysninger om tilgjengelig miljøinformasjon i Norge og hvor denne finnes


    www.hmsetatene.no
    HMS-etatenes felles nettsted


    Publikasjonsbestilling
    SFTs publikasjonsbestilling, telefon 22 57 34 00, e-post: bestilling@sft.no formidler alle publikasjonane til SFT og Miljøverndepartementet


    Konferansesenter
    SFTs moderne konferansesenter på Helsfyr i Oslo kan bestilles til møter av alle slag

     
    Statens forurensningstilsyn (SFT)



    Strømsveien 96, Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo | Tlf: 22 57 34 00 | Faks: 22 67 67 06 | E-post: postmottak@sft.no