"Eit maleri er eit dikt utan ord."
I arbeidet med hovudoppgåva om FARGAR har eg jobba saman med Anne Gyda Askestad, Monica Thomassen og Nina Weiseth.
Eg var den siste som kom inn i gruppa. Dei andre hadde då valt sine tema. Ut frå læreplanen og erfaringar eg har frå undervisning i Kunst og Handverk, norsk m.m., valde eg då å la min del av oppgåva bli om fargar i kunst, litteratur og språk.
Me vart einige om å laga ein læringsressurs for mellomtrinnet.
EIGE ARBEID: Arbeidstittelen har eg lånt av Konfucius: "Eit maleri er eit dikt utan ord", og to linjer frå diktet "Ny duk" av Olav H. Hauge der han maler eit bilde med ord: "Ny gul duk på bordet. Og nye kvite ark!" Slik opplever eg at kunst og litteratur går hand i hand.
Eg fann fort ut at det er mykje stoff å ta av. Eg fekk problem med å begrensa meg. Henri Matisse valde eg fordi han har blitt kalla "fargane sin meister". Dessutan appellerer han til elevane med sine forenklingar, konturstreker og klipp. Juan Miro hadde eg lyst å ha med. Han apellerer også til elevar på mellomtrinnet med sine fargar og former. For at ikkje oppgåva skulle bli altfor omfattande, valde eg bort han.
Det same gjeld i språk og litteratur. Det er mykje å ta av. Eg har valt ut og valt vekk.
Eg har tenkt tverrfagleg. Basisfaga er Norsk og Kunst og Handverk.
Natur og Miljø er med gjennom det eg skriv om fargane i naturen, hos dyr, fuglar og planter.
Det er naturleg å ha med Musikk, både gjennom songar om fargar og gjennom eigen musikk elevane skal komponera.
På grunn av omfanget har eg ikkje nemnt andre fag, men eg tenkjer at både Samfunnsfag, Krl og Engelsk lett kan knytast til temaet. Eg tenkjer då på symbolbruken av fargar i dei politiske partia, dei liturgiske fargane i kyrkjeåret og fargar i det engelske språket.
Under Utfordringar har eg sett opp forslag til korleis det går an å jobba vidare med temaet. Om utfordringane er nyttige, er avhengig av korleis ein vel å bruka ressursen. Elevane kan jobba vidare med problemstillingane slik dei står, eller dei kan bruka dei som inspirasjon til å formulera sine eigne problemstillingar. Ressursen kan brukast systematisk, side for side, og den kan brukast som oppslagsverk der elevane hentar ut det dei treng i eit prosjektarbeid, i ein storyline el.l.
SAMARBEID: Nina oppretta eit eige forum for oss i gruppa. I starten diskuterte vi praktiske ting som kva for ein skrifttype vi skulle bruka, skriftstorleik, bruk av fargar og årstrinn. Vi diskuterte ikkje kva mal vi skulle bruka på sidene.
Anne Gyda laga eit forslag til framside.
I Forum har vi vidare diskutert formuleringa i oppgåveteksten, L2006 og læringsmål og utforming av framsida. Ganske i startfasen skreiv eg eit altfor ambisiøst innlegg om korleis vi kunne gjera ressursen tverrfagleg. Eg fekk ikkje respons på det, og det forstår eg. Eg sletta det innlegget. Det kan eg derfor ikkje dokumentera . Men det vi kan dokumentera av samarbeid og diskusjonar, ligg i Forum for Fargegruppa:
Samarbeidet har fungert godt når det gjeld enkle, praktiske ting som skrifttype o.l.. Det har ikkje vore like lett å få til ein fruktbar diskusjon på innhald. Vi har jobba med oppgåva til ulike tider og også vore aktive i Forum periodevis. Det ville sikkert vore lettare om vi hadde vore på nett samtidig, gjennom å bruka chat, msn etc. I ettertid tenkjer eg at vi absolutt skulle ha prøvd det.
KONKLUSJON: Me var einige om å laga ein læringsressurs for mellomtrinnet. Slik eg vurderer det ferdige arbeidet, vil ressursen vera nyttig både for mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Fargar er eit tema som er aktuelt på alle trinn. Her er det såpass mykje fargeteori at det kan vera nyttig å fordøya det i mindre porsjonar og å repetera.
I starten kjendest det som ein liten barriere å måtta samarbeida over nett. Det er uvant å berre ha orda å halda seg til. Kroppsspråk og stemmebruk er heilt fråverande. Eg er litt for spontan, slik at eg skriv innlegga mine utan å vega orda nøye. Ikkje rart at eg har blitt overraska over korleis eg har blitt oppfatta. Det er det lærdom i.
Både Anne Gyda, Monica og Nina er lette å samarbeida med. Dei har alle vore like ivrige på å få til noko som er bra.
"Ny gul duk på bordet. Og nye kvite ark!"