- Gro Tjore
Tlf:
55 30 08 57
Epost: gro.tjoreSPAMFILTER@siu.no
Faks: 55 30 88 01
- Margrete Søvik
Tlf:
55 30 88 43
Epost: margrete.sovikSPAMFILTER@siu.no
Faks: 55 30 88 01
EØS-ordningane
I tidsrommet 2009 til 2011 skal EFTA/EØS landa (Norge, Island og Liechtenstein) overføre tilsaman vel 10,4 milliardar kroner til dei nye medlemslanda i EU. Norge står for om lag 10 milliardar kroner av totalsummen.
Overføringane skjer gjennom to ulike avtalar: ei EØS finansieringsordning som alle tre EFTA landa er med i, og ei rein norsk finansieringsordning.
Mottakarlanda er Estland, Kypros, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia og Ungarn. Bulgaria og Romania kom inn under ordningane i løpet av 2007. I tillegg til alle dei nye medlemslanda er Hellas, Portugal og Spania også med.
Det er mottakarlanda som har ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av prosjekt og program. For meir informasjon om EØS ordningane generelt, sjå Europaportalen si heimeside.
Fond
Ein del av midlane er øyremerka til ulike fond, som kvar har ein nasjonal fondsforvaltar. Det kan vere NGO fond, stipend/opplæringsfond, forskningsfond, kulturfond, og fond for teknisk/fagleg assistanse.
Det er individ og institusjonar i mottakarlanda som kan søkje om midlar frå fonda, men i mange tilfelle er det naudsynt med norske (eller EFTA) partnarar. Norske aktørar kan dermed også nyte godt av midlane gjennom partnerskap, sjølv om dei ikkje kan søkje direkte.
SIU si rolle
SIU er nasjonalt kontaktpunkt for stipend- og opplæringsfonda. Det vil seie at vi samarbeidar med fondsforvaltarane i dei ulike landa om formidling, informasjon og rettleiing. Vi får mange henvendelsar med spørsmål om hjelp til å finne partnarar i Norge, og har blant anna oppretta ei eiga partnarsøkdatabase for å hjelpe til med dette.
Informasjon og rettleiing til norske aktørar er også ei viktig side av arbeidet med stipendfonda.
Nyttige lenker:


