Du er her: SIU Om SIU
Om SIU
SIU - Din partnar for internasjonalisering
Ledige stillingar
Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU) er eit forvaltningsorgan med eige styre, under Kunnskapsdepartementet (KD).
Det offisielle navnet for SIU på samisk er "Norgga alitoahpu internašunaliserenguovddáš".
Senteret er nyoppretta frå 1. januar 2004. Det tar opp i seg og byggjer vidare på Universitets- og høgskolerådets Senter for internasjonalt universitetssamarbeid som vart etablert av Det norske universitetsråd, i 1991.
SIU er eit kompetansesenter – eit sørvis- og samarbeidsorgan som skal fremme internasjonalisering, kulturell kommunikasjon og internasjonal mobilitet innan høgre utdanning. Senteret har ei viktig oppgåve i å samordne tiltak på nasjonalt nivå, i samsvar med offisielle retningsliner for politikken på feltet.
SIU er Noregs kontor for internasjonale program og tiltak innanfor høgre utdanning. Vi forvaltar program for fleire offentlege oppdragsgjevarar, samt program mot andre utdanningsnivå enn universitet og høgskule.
SIU har ansvar for å profilere Noreg som utdanningsnasjon og arbeidsland for forskarar, samt drive informasjonsarbeid, rådgjeving og utgreiing.
SIU er finansiert gjennom bidrag frå
- Kunnskapsdepartementet
- Utanriksdepartementet
- Norad
- Nordisk ministerråd
- EU-kommisjonen
SIU held til i Bergen.
Ledige stillinger ved SIU Oversikt over utlyste stillinger ved SIU SIUs vedtekter og strategiFormål, oppgaver, styring, organisering SIUs styreStyremedlemmer, møteplan, saksdokument, klagereglement Saksdokument frå alle styrer og utval i SIU
Møteinnkallingar, møtereferat og saksdokument VevkartStruktur og innhald på nettstaden Tilsette ved SIUNavn og arbeidsfelt, telefonliste, sjå kven som er inne Vegvisar til SIUKontoradresse, kart AdresserTil institusjonar i Noreg og utlandet Bruk av nettstadenNettlesarar, slå av bilete SIUs kompetanseKompetanseområder, personalutvikling... PostlisteKontakt SIU 55 30 88 00....
Sist oppdatert: 15.02.2006 10:57:47 |