
Om SIU
Stilling ledig, tilsette, vedtekter, styre,postliste... | EØS-ordningene
EØS-stipend | SIUs program
Forsking, utdanning, skule... | SIUs publikasjonar
Årsmelding, SIUs publikasjonsserie, Europavegen.... | SIUs databasar
IRIS, ISOC, finansiering, finn partnerar ... | SIUs konferansar
Konferanserapportar, foredrag, påmelding... | Om internasjonalt samarbeid
Litteratur, Bologna, Ambassadesider, peikarar... | Om å studere i utlandet
Stipend, studietilbod, studieland... |
SIU Pb 7800 5020 Bergen Tlf: 5530 8800 Faks: 5530
8801 siu@siu.no
Besøksadresse: Vaskerelven
39 5014 Bergen, Norway
Ansvarlig redaktør: Hanne Alver Krum
|
|
 |
|
 |
|
 |
NB! Dette er en arkivversjon av SIUs nettsted og vil være tilgjengelig frem til all relevant historisk informasjon er flyttet til SIUs nye nettsider.
For aktuell og oppdatert informasjon, vennligst se SIUs offentlige nettsted på http://siu.no.
Språkførebuingar
Språkkunnskapar er viktig, og du kan få 15.000 kroner i stipend om du reiser til eit ikkje-engelskspråkleg land
Når ein skal studere i eit anna land, må ein ha ein viss kjennskap til språket. Norske studentar har i høg grad valt å leggje sine utanlandsopphald til engelskspråklege land, medan tala er langt lågare for land på Kontinentet. Men det er ingen grunn til å la seg skremme av framandspråk som tysk, fransk og spansk. Språkkunnskapar vil alltid vere etterspurte på arbeidsmarknaden, og det finst mange gode ordningar for den som vil ta språkkurs før semesterstart. Mellom anna gir Lånekassen eit eige stipend på 15.000 kroner til førebuande språkkurs dersom du tek minst eit semester av utdanninga i eit ikkje-engelskspråkleg land. Meir informasjon finn du på Lånekassens nettsider.
Den første du skal venda deg til om du er interessert i språkkurs, er din eigen heimeinstitusjon. Internasjonal koordinator vil i mange tilfelle kjenne til språkkurs som kan anbefalast. Dersom han eller ho ikke gjer det, kan du be vedkommande ta kontakt med vertsinstitusjonen for deg for å undersøkje om dei arrangerer språkkurs for innreisande studentar.
I dei fleste land finst det eit vell av språkkurs for utlendingar. SIU har ikkje noko komplett oversyn over tilbodet, men i regi av EU-kommisjonen vert det gitt tilbod om gratis språkkurs for Erasmus-studentar i dei såkalla mindre europeiske språka. Informasjon om desse Erasmus Intensive Language Course (EILC) finn du her.
Tysk, fransk og spansk er ikkje omfatta av dei kursa EU tilbyr. For kurs i Tyskland anbefaler vi at du undersøkjer på nettstadene til SIUs søsterorganisasjon Deutscher Akademischer Austauschdienst (DAAD) og Goethe-Institut. Begge organisasjonane tilbyd og koordinerer eit vell av språkkurs.
Når det gjeld fransk arrangerer SIU kvar haust studieførebuande franskkurs for norske Erasmus-studentar ved Det norske studiesenteret i Caen. Informasjon om dette kurset, som krev ein del forkunnskapar i fransk, finn du her. Den største og mest kjende tilbydaren av språkkurs i Frankrike er Alliance Francaise. Eit anna bra oversyn over franske språkkurs ved individuelle språkskolar (FLE-sentra) finnast på ein felles nettportal.
I Spania vert det gitt tilbud om språkkurs m.a. gjennom Cervantes-instituttet, som er eit spansk kultur- og språkinstitutt på linje med Goethe-Institut og Alliance Francaise.
Sist oppdatert: 19.05.2006 15:10:51 | Programområder
 Om Erasmus Søknad og rapportering Prosjekt og kurs Aktivitetar og nettverk Publikasjonar Resultat og nøkkeltall
|
|
| |
 |
|