Invitasjon Gå til Praktisk informasjon, priser og påmelding
Høgskolen i Sør-Trøndelag, Avdeling for lærer- og tolkeutdanning har i samarbeid med NTNU (HF- og SVT-fakultetet) den glede å invitere til konferanse
Skrive for nåtid og framtid
Nordisk konferanse om samfunnets behov for ny kunnskap om skriving i utdanning
og yrkesliv
Tid: 9.-10. oktober 2006
Stad: Britannia Hotel, Dronningens gate 5, Trondheim
Bakgrunn for konferansen
Skriving framstår i vår tid
som ein meir sentral basiskompetanse enn nokon gong før i historia. Vi er
avhengige av å skriva i langt større grad enn tidlegare, og krava til skriftleg
kompetanse har auka. Skriving er også blitt ein vesentleg kunnskapsstrategi. Vi
bearbeider mykje av den informasjonen vi møter, gjennom skriving. Dette gjer vi
på ulike måtar innanfor ulike fagfelt. Samstundes er skriving som fenomen i
sterk endring. Nye medier og nye måtar å bruka IKT på inneber at skriving ikkje
lenger berre kan sjåast på som eit verbalspråkleg fenomen; skriftleg tekst
opptrer nå saman med bilete, video, grafikk og lyd i multimedier. Dette
aktualiserer dei visuelle og estetiske sidene ved skriving på måtar som skaper
nye utfordringar i opplæringa.
I arbeidslivet speler skriving ei stadig meir sentral rolle. Dei fleste
arbeidsprosessar er forankra i skriftlege prosedyreforklaringar. Stendig fleire
menneske behandlar kompleks informasjon i kvardagen sin; samarbeid over avstand
føreset skriftleg kommunikasjon, og innovasjon byggjer oftast på skriftleg
idéutvikling. Slike utviklingstrekk stiller oss overfor viktige
kompetanseutfordringar – og skaper nye spørsmål i forskinga og nye utfordringar
i opplæringa. Vi manglar eit breitt kunnskapsreservoar som kan gjera oss i stand
til å møta desse og andre utfordringar på ein god måte. Dette er bakgrunnen for
at vi, ei gruppe fagfolk frå Høgskolen i Sør-Trøndelag og Noregs Teknisk
Naturvitskaplege Universitet, har gått saman og tatt initiativet til ein nordisk
konferanse om temaet skriving hausten 2006.
Praktisk
informasjon
Påmelding skal gjerast via veven; det gjeld også val av parallelle sesjonar.
Påmelding og frister:
Konferansen 'Skrive for nåtid og framtid' har en konferanseavgift på kr 2
000,-.
Konferansen 'Akademisk skriving og veiledning' har en konferanseavgift på kr
1 000,-.
Studenter betaler halv konferanseavgift.
Dersom du ønsker å delta på festmiddagen den 9.
oktober, kommer en avgift på kr 550,- i tillegg.
Velger du å melde deg på etter ordinær frist den 15. juni tilkommer en
ekstra avgift på kr 250,-.
Faktura med bekreftet påmelding sendes ut i juli og august. Vi er to ulike
institusjoner som arrangerer de to konferansene. Deltakere på begge konferansene
vil motta to faktura da vi benytter ulike regnskapssystemer og følgelig ikke kan
fakturere begge konferansene på samme faktura.
For våre nordiske deltakere gjelder:
IBAN NO 57
76940501543 og BIC/SWIFT-code: DNBANOKK
Avmelding:
Din påmelding er bindende etter 10. august 2006. Innen denne dato kan du
endre eller trekke påmeldingen ved å sende en mail til
skriveforsk@hist.no. Konferanseavgift og kostnad for festmiddag (dersom
valgt) faktureres fullt ut dersom endring i påmelding skjer etter 10.8.06. Etter
denne dato vil det heller ikke være mulig å melde seg på konferansen(e).
Overnatting:
Den enkelte ordner selv med eventuell overnatting. Hotellet har reservert en
del rom til konferansepris, disse holdes av til seinest 10. august. Oppgi derfor at du deltar på denne konferansen når
du bestiller. Link til konferansehotellet: www.britannia.no.
Gjestene ved hotellet har tilbud om gratis trådløs tilgang til internett.
Eit rimelegare alternativ for overnatting kan t.d. vere P-Hotels Trondheim, Nordre gate 24, som ligg ca 6 minuttars gange frå konferansehotellet. Prisar her er:
Enkeltrom:
595,- pr døger pr rom
Dobbeltrom: 695,- pr døger pr rom
Bestilling over Internett
på adressa http://www.p-hotels.no
Andre alternativ kan de finne på http://www.trondheim.com/
