Stortinget > Referater > Møte 2.2.06 > Sak nr. 1
Møte torsdag den 2. februar kl. 10 2006 (2005-2006)
Dette dokumentet er blitt automatisk etterbehandlet ved Høgskolen i Østfold. Det originale dokumentet finnes på Stortingets webserver.
Klikk på
-symbolene under for å se opptak av
innlegg.
Sak nr. 1
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om
grunnlovsforslag fra Aanund Hylland og Finn-Erik Vinje, vedtatt
til fremsettelse av Jørgen Kosmo og Kjell Engebretsen, om
endringer i Grunnloven §§ 3, 6, 12, 14, 26, 41, 50, 60,
63, 68, 75, 87, 93, 110 og 110 a (retting av språklige
feil) (Innst.S.nr.74 (2005-2006), jf. Dok.nr.12:08
(2003-2004))
TALERE:
Video
Lodve Solholm (FrP) [10.04.00] (leiar i
komiteen og ordførar for saka):
Dette er eit grunnlovsforslag som ikkje endrar på realitetane i Grunnlova, men eit forslag om å rette opp språklege feil, då ein i Stortinget gjennom grunnlovsvedtak tidlegare har gjort endringar der det har kome inn ein del språklege feil som ikkje er i tråd med det språket som er nytta i Grunnlova opphavleg.
Det vart teke kontakt med Stortinget frå m.a. professor Finn-Erik Vinje 9. januar 2004. Presidentskapet meinte at når ein skal rette opp språklege feil for ettertida, bør det skje gjennom eit grunnlovsforslag. Det er komiteen samd i. Før har det vore gjort slik at ein berre har føreteke ei språkleg endring utan å la det gå innom Stortinget. Komiteen er samd med Presidentskapet i at Grunnlova er såpass - skal vi seie - «hellig» at ho ikkje bør tuklast med med mindre Stortinget gjennom grunnlovsforslag vedtek endringane.
Det som er eit problem, er at Stortinget av og til gjer vedtak som er språkleg ukorrekte. På den bakgrunnen har komiteen vedteke å sende eit brev til Presidentskapet der vi ber Presidentskapet no syte for i ei eller anna form at ein kan få føreteke ein språkleg korrektur før grunnlovsforslag blir refererte i Stortinget. For problemet er at når grunnlovsforslag er fremma og refererte i Stortinget, kan dei ikkje endrast. Då har Stortinget berre ein ting å gjere: anten å vedta grunnlovsforslaget eller ikkje å vedta det. Dersom ein no på grunn av språklege feil skulle finne på ikkje å vedta eit grunnlovsforslag som i seg sjølv er viktig og fornuftig, må ein faktisk vente i fire år før ein kan få gjort eit fornuftig vedtak. Det ein då har valt før, er at ein har vedteke grunnlovsforslag som har ein språkleg feil, for så etterpå å måtte kome med eit nytt grunnlovsforslag for å endre den feilen som er gjord. Vi opplever seinare i dag, ved neste grunnlovsforslag, at vi gjer eit vedtak i Stortinget - det er ei samrøystes innstilling frå komiteen - som faktisk inneheld ein språkleg feil. Det betyr at vi må ha eit nytt grunnlovsforslag litt seinare som rettar opp igjen den feilen som vi gjer vedtak om i neste sak.
Derfor er komiteen av den meining at vi skal be Presidentskapet lage ein institusjon der grunnlovsforslaga blir sende til språkleg retting, språkleg korrektur, kvalitetssikring, og at det kanskje også bør gjennomførast ved at ein får det inn i forretningsordenen. Men alt det praktiske meiner komiteen at Presidentskapet med sin administrasjon er mest eigna til å fremje eit forslag om.
Elles rår eg Stortinget til å vedta komiteen si innstilling.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.
(Votering, se side 1215)