|

Ei
IKT-vinkling som er attraktiv for jenter!
Avdeling
for lærarutdanning ved høgskulen
Stord/Haugesund starta i august 2003 sitt nye mastergrad-studium i "IKT i
læring".
"IKT i læring" er eit profesjonsbasert,
høgare grads studium, med basis i lærarutdanning; etablert i eit
fagmiljø med lang erfaring og utvikling innan pedagogisk bruk av IKT.
- Studiet omhandlar bruk, integrering og utnytting av IKT i lærings-samanheng. Det er
ikkje eit studium i teknologi og i læringsteori som eigne disiplinar.
Målet vårt er å skapa eit dynamisk og
aktivt fagmiljø kring dette studiet ved HSH. Studiet legg opp til
nettbasert formidling og samarbeidsarena, men me vonar likevel at flest
mogleg finn høve til å delta på førelesingar,
arbeidsøkter og seminar
her på ’Campus Rommetveit’ på Stord.
Teknologien kan ikkje fullt ut erstatta
direkte kontakt, det sosiale miljøet og den munnlege ’diskursen’.

|
Siste nytt:
Professorar på HSH
Professorane Gavriel Salomon og Liora Bresler er på HSH denne veka.
Dei skal m.a. starta opp eit stort forskingsprosjekt og førelesa for
master-studentane.Les
meir.(25.09.07)
Filer
Filene frå presentasjonane til Lund og Krumsvik er no lagt i
Filarkivet (i menyen til venstre).
(21.08.07)
Podkast
Jeanette har
laga
podkast frå Futurelab-førelesinga. Du kan høyra Tim Rudd
her.
(20.08.07)
Vel blåst!
Ei flott
oppstartsamling er over. Frå no føregår mykje av aktiviteten i ulike
nettverk og digitale rom. Då kjem det vel med at ein har "sitts".
Les fleire oppsummeringar frå samlinga
her...
(17.08.07)
Eldre meldingar
Frå
masterstudiet 2003/04:




 |