PiOL er meint å vera eit kurs i kontinuerleg utvikling. Forhåpentleg til det betre.
Frå H/2000 er det delt i to modular, PiOL 1 i haustsemesteret og PiOL 2 om våren. Målet er å få betre tid til innføring i pedagogiske og metodiske sider ved nettbasert læring, vurdering av plattformer og portalar, og til implementering av ein konkret kursmodul. Erfaring og resultat frå det første året ligg til grunn for arbeidet i PiOL 2, V/02.
Kurset vart gjennomført som eit problemorientert, studentaktiverande opplegg, der deltakarane gjennom arbeidsbøker og drøftingar på nettet, med rettleiing frå faglærar, la grunnlaget for ei praktisk implementering. Mange kom også i gong med prosjekt, anten åleine eller i gruppe.
PiOL 1- kurset omfatta m.a. følgjande:
|
UKE |
Presentasjon |
Problemstilling |
Tillegg |
Arbeidsform |
Oppsummering |
|
36 |
|
Individuelt |
|
||
|
38 |
|
Interessegrupper |
|||
|
39 |
E-mappe |
|
|||
|
40 |
|||||
|
42 |
|||||
|
44 |
|
|
Nettmøter |
||
|
46 |
Interessegrupper |
|
|||
|
48 |
|||||
|
49 |
|
||||
|
28.des |
|||||
Meir detaljar frå arbeidet finn ein på http://stud.hsh.no/lu/inf/piol1/
Alt dette skal vera kjent for deltakarane på PiOL II.
Dette kurset er ei vidareføring av PiOL 1, og arbeidet blir gjennomført etter mykje dei same prinsippa. Ein stor og viktig skilnad (i denne omgang) vil vera at medan PiOL 1 vart leia og gjennomført av ansvarleg faglærar, med presentasjon av teori og fagtema, vil eit team av rettleiarar dela ansvaret for PiOL 2. Innhaldsmessig vil skilnaden vera at ein i PiOL 2 legg mest vekt på praktisk tilrettelegging, mindre på formidling av ny teori. Samarbeid og utveksling av erfaring og kompetanse mellom rettleiarar og deltakarane vil stå minst like sentralt i arbeidet her. Opplegget vil ha meir preg av arbeidsseminar enn eit tradisjonelt kurs.
Hovudinnhaldet i PiOL 2 vil vera at kvar student implementerer eit nettbasert læringsmiljø for ein kursmodul. Dette skal omfatta både lærestoff, arbeidsoppgåver, referansar til utfyllande stoff, og bruk av dei pedagogiske og metodiske hjelpemidla som plattforma byr på. Kvar student står rimeleg fritt til å velja fag og tema for sin kursmodul, men må sjølvsagt avtala dette med sin rettleiar tidleg i semesteret. Det same gjeld bruk av verktøy/plattform for implementeringa. Mange har alt gjort desse vala i PiOL 1. Deltakarane vil vera på ulike stadium i denne prosessen, somme startar frå botn, andre er alt i utprøvingsfasen for sitt produkt.
For å kunna dra nytte av kvarandres idear, kompetanse og erfaring legg kurset opp til same opne strategien som PiOL 1, ved at ein kan gå inn og sjå på arbeidsbøker og produkt som er tilgjengeleg på nettet. Semesteret og framdrifta blir organisert i arbeidsperiodar meir enn etter tema og fagstoff:
|
Periode |
Arbeidsområde |
Fagtema |
Resultat |
Oppsummering |
|
Veke 3 - 4 |
Oppstart |
Introduksjon av PiOL2 |
Nettmøte |
|
|
Veke 5 & 6 (28/1 - 9/2) |
Definisjon av prosjekt |
Fagområde/tema, læringsstrategi |
Prosjektomtale |
|
|
Veke 7 - 12 (11/2 - 23/3) |
Implementering |
Læringsmiljø, verktøy |
Prototyp, første versjon |
|
|
Veke 14 & 15 (2/4 - 13/4) |
Testing, evaluering, ut-veksling av kommentarar |
Vurdering & evaluering av ped./didakt./tekn./est. sider |
Kommentarar, ’gode råd’ |
|
|
Veke 16 - 20 (15/4 - 11/5) |
Ferdigstilling, dokumenta-sjon |
Bruk og organisering av nettbasert læring |
Ferdig produkt, dokumentasjon |
|
|
Veke 21 & 22 |
Vurdering |
(Eksamen 04.06.02) |
Bestått kurs |
|
Av tabellen over går det fram at det m.a. blir lagt opp til vurdering og kommentering av produkta i ein bestemt periode, veke 14 & 15. Det er då forventa at studentane gjensidig gjer ei utprøving, evaluerer og kommenterer minst to andre produkt enn sitt eige. Saman med rettleiarane sine kommentarar vil dette vera eit viktig grunnlag for justering og forbetring av produktet. Samstundes er dette ein sentral del av kurset, der ein utvekslar synspunkt og erfaringar innan ei interessert og vel kvalifisert gruppe. Endeleg val av form og strategi, dokumentasjon av dette, høyrer med til avsluttingsfasen.
Dei studentar som frå før har etablert seg i grupper, kan gjerne halda fast på desse gruppene også i PiOL 2. Andre kan danna nye grupper for tettare samarbeid i utviklingsfasen. Det blir likevel forventa at kvar einskild student utviklar sitt eige produkt, ein eigen modul (fag-bit/ tema), gjerne knytt til same fagområde som dei andre i gruppa, slik at fleire modular kan setjast saman til kurs. I testperioden (veke 14 & 15) bør ein gå på tvers av slike grupper for å få innsyn i andres idear, metodar og synspunkt.
Rettleiarane vil fordela studentar og grupper mellom seg slik at det blir best mogleg samsvar mellom studenten/gruppa sitt fagområde og plattform og den bakgrunn rettleiaren har. Ein vil også i den grad det er mogleg involvera andre fagfolk ved NITOL-institusjonane i rettleiing og vurdering. Når ein let studentane velja fritt innan fagområde og plattformer, er det sjølvsagt urealistisk å forventa at rettleiarane er spesialistar innan alle dei aktuelle felta. Dette ber ein om forståing for, men vil gjera sitt beste på bakgrunn av den generelle kompetanse og erfaring ein har. Målsetjinga er at PiOL skal fungera som eit samla forum for kunnskaps- og erfaringsutvikling og –utveksling.
Gjennom eige arbeid og erfaringsutveksling med rettleiarar og medstudentar er målet å utvikla sin eigen kursmodul frå ei første skisse/prototyp, versjon 0.1, til eit ferdig produkt, ein læringsmodul, versjon 1.0. For dei som alt måtte vera komne til versjon 0.7 eller 1.5, bør målet vera å koma tilsvarande vidare i løpet av dette semesteret.