What to choose, what to choose…?
22.02-2008Eg har lenge vore fast bestemt på at eg ville studere språk, anten gjennom eit Bachelorprogram i Språk, eit Årsstudium i Språk, eller ved å velge det som spesialisering i ein annan Bachelorgrad. Då eg skulle søke, følte eg at eg svømte i eit hav av studieprogram og språk-spesialiseringer eg kunne velge mellom. Innanfor språk har nemlig UiB mange muligheter, og eg skal gjere eit forsøk på å presentere nokre av desse.
For det første fins det, til glede for alle språk-elskere der ute, ein egen Bachelor i Språk ved UiB, med mange forskjellige språk å spesialisere seg i: Nordisk, engelsk, tysk, fransk, spansk språk og latinamerikastudier, italiensk, russisk, arabisk, og japansk, til dømes. Her er det noko for ein kvar smak! Dersom du vil studere språk, men ikkje vil ha eit ”reint” språk-program som inkluderer IT, til dømes, fins det Bachelorprogram som Språk og Informasjon, og Språk og Interkulturell Kommunikasjon. (Det sistenevnte studiet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Norges Handelshøgskole, og kan lesast meir om i denne artikkelen på UiB sin Studentportal og NHH si internavis Paraplyen.)
Er du interessert i emner som amerikansk historie, europeisk politikk, eller midtausten og islam, og har lyst å studere det, men samtidig har eit ønske om å studere språk? ”Ja takk, begge deler”, som Ole Brumm seier. Det er mulig å få begge ønsker oppfylt!
Du kan til dømes velge Bachelor i Midtaustenkunnskap med spesialisering i Arabisk, Bachelor i Europastudier med spesialisering i tysk, eller, som eg valgte: Bachelor i USA-studier med spesialisering i engelsk. I mitt studieprogram får eg kombinere fag innanfor engelsk-spesialisering med amerikansk politikk, historie, litteratur og kultur, i tillegg til 30 frie studiepoeng, noko eg synast er utrulig spanande!
Mange muligheter, ja, og noko for ein kvar smak. Kva velger DU?



22.02-2008@04:08:27
Språk og informasjon er et koselig studium! Man kan faktisk velge et fag som omhandler blogging. Det er slett ikke noe å kimse av =)
22.02-2008@14:11:42
Wow, det var eg faktisk ikkje klar over! Utrulig genialt! =)
24.02-2008@18:47:34
Eg har eit spm. Eg kjem frå Osterøy og hadde eigentleg planar om å bu heima hjå mor og far mens eg studerer i Bergen, men vil du anbefala å bu i byn?
24.02-2008@23:28:02
Eg vil absolutt anbefale å bu i byn! Personleg er eg veldig glad eg valgte å gjere det, framfor å bu heime hos foreldra mine. Det kan ofte bli litt mykje pendling, og personleg synast eg det er slitsomt.
SiB har mange bra hybelbygg og bualternativer, både med hybel i kollektiv, og hyblar med eget kjøkken og bad. Vil anbefale deg å sjekke ut hyblane deira!
http://www.boligtorget.no/sib
Eg kjem til å skrive eit innlegg med bilder frå min SiB-hybel om ikkje så alt for lenge, så dersom du vil sjå fleire bilder enn dei som er på denne sida, så bør du følge med på bloggen =)
Lykke til vidare!
15.05-2008@14:50:06
Hei! Jeg har et lite spørsmål: Har du sett deg ut fremtidige yrker som du kan bruke bachelor-graden din i? =)
Har søkt USA-studier og Europa-studier til høsten, men er usikker på hvilke yrker man kan få med en slik utdanning!
19.05-2008@17:02:02
Hei Lisa!
Slik eg har forstått det, er USA-studier eit svært åpent studium med tanke på yrker, og eg kan tenke meg at det er slik med Europa-studier også. Sjølv er dette noko eg liker, fordi eg ikkje er heilt sikker på kva eg vil vidare enno. Litt om kva yrkesveier det er med eit slikt studium, står på http://studere.uib.no
Sjølv ser eg for meg at eg kan komme til å jobbe med undervisning, og sannsynligvis gå vidare på Masterstudiet i Engelsk. Sidan eg ikkje har bestemt meg enno, er eg veldig åpen for det meste av yrker som krever spesialisering innanfor engelsk og språk generelt.
Håper dette var til litt hjelp =)
Lykke til vidare!