Obligatorisk fag i den 3-årige førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.
2. og 3. studieår, 4. og 5. semester
Studentane skal skaffe seg føresetnader for å utvikle eit barnehagemiljø som stimulerer barna si nysgjerrigheit, oppdagarglede og naturglede, og som støttar omgrepsutviklinga og den emosjonelle og intellektuelle utviklinga hjå barna.
4. semester (5,5 sp)
- Utvikling av læringsmiljø som fremjar barna si nysgjerrigheit, oppdagarglede og omgrepsutvikling
- Bruk av naturfagkunnskapar i tverrfaglege og temabaserte samanhengar og som inspirasjon til leik
- Leik og læring inne og ute med basis i tema vatn, luft, lys, lyd, teknikk. Teknologi og barn
- Naturfaglege tema sett i eit historisk og fleirkulturelt perspektiv, tilpassa barnehagen
- Dei vanlegaste plantene og dyra i nærområdet, tilpassingar til årstidene, livet om våren.
5. semester (7,5 sp)
- Dei vanlegaste plantene og dyra i nærområdet, hausten, samspelet i naturen.
- Menneske sitt syn på naturen og miljøet før og no
- Forteljingar og myter frå forskjellige kulturar om naturfaglege tema, bruk av ulike naturmateriale i leik
- Vurdering og bruk av ulike uteområde med tanke på naturopplevingar, leik og læring for barn på ulike alderstrinn og med ulike føresetnader
- Menneskekroppen, kosthald og ernæring. Miljølære.
- Vårt fysiske verdsbilde, årstidsvariasjonar og astronomi
Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge,legge til rette, gjennomføre og vurdere naturfaglege emne for barn. Tverrfagleg arbeid ligg til tema, og delar av undervisninga er fagundervisning som støtte for arbeid i temaet. Varierte arbeidsformer, der mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer, vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.
20 veker praksis integrert i fagstudiet over tre studieår. Sjå studieplan for utdanninga.
Utferder til kulturlandskap og skog. Eventuelle kostnader knytt til dette må dekkast av den einskilde studenten.
- Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld skal gå fram av plan for semesteret.
- Oppgåver og skriftleg arbeid knytt til praksis
- Studieutferder, elevøvingar og individuell objektsamling med tverrfagleg omtale.
2. studieår: Vårsemesteret, 5.5 studiepoeng
FP333 610 Naturfag : Individuell, skriftleg mappe
3.studieår: Haustsemesteret, 7.5 studiepoeng
FP333 620 Naturfag : Individuell, skriftleg eksamen.
Tid: 4 timar
Førebels pensumliste vil ligge føre ved studiestart. I tillegg til fastlagd pensum, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfrist til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.
Basispensum:
Ingvar Leiv Leknes: Skogen og livet der i notid og fortid.Undervisingskompendium,Avdeling for ingeniør- og naturfag, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal, våren 2004.
Ingvar Leiv Leknes: Utvalte tema frå ”Naturfag med miljølære” for førskulelærarlinja (ny og utvida utgåve), Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal, hausten 2004
Ingvar Leiv Leknes: Pensumartar, år 2009