Informatikk, øk... / 395 Bachelorstudium i informatikk  

395 Bachelorstudium i informatikk

Skriv ut
Intern studieprogramkode:
395

Studiets navn:
Bachelorstudium i informatikk

SO-kode:
220395

Avdeling:
Avdeling for allmenne fag


Institutt:
IØI


Fagområde:
Informatikk, økonomi og administrasjon


Studiested:
Bø


Målgruppe og opptakskrav:

Målgruppe er studentar med interesse for informatikk som fag og yrke. Opptakskrav er generell studiekompetanse eller realkompetanse + 2MX, 2MY eller 3MZ.

Mål for studieprogrammet:

Formålet med studiet er å gi kandidatar ei omfattande yrkesretta utdanning i informatikk. Studiet kvalifiserer for eit breitt spekter av jobbar innan IT-sektoren, i privat næringsliv og offentleg forvaltning. Typiske arbeidsoppgåver kan vere innan systemutvikling og programmering, etablering og drift av nettbaserte informasjonssystem, opplæring og konsulenttenester.

Studieprogrammets varighet (år):
3

Antall studiepoeng:
180

Nivå/grad:
Bachelorgrad

Videre studiemuligheter:

Studiet gir også eit godt grunnlag for vidare studium. Som Bachelor i informatikk er ein kvalifisert for vidare studium på masternivå.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetting:

Studiet er ei grunnutdanning med normert studietid på 3 år, og fører fram til graden Bachelor i informatikk.

Studiet er delt opp i emne som til vanleg går over eitt semester.

Valemne
I studieplanen er det sett opp forslag til valemne, men studentane kan velje valemne fritt innanfor høgskolens studieprogram, sjå og studieplanar for andre studium ved høgskolen. Timeplan og eksamensplan kan avgrense dette valet noko. I nokre samanhengar vil det vere viktig å passe på at ein vel rett valemne med tanke på opptak til andre studium.

 


Ny fagblokk
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
5601 Maskin- og programvare 10,00 O 10          
5602 Databasar I 10,00 O 10          
5604 Multimedia 10,00 O 10          
5605 Datanett 10,00 O   10        
5606 Internett 10,00 O   10        
5608 Objektbasert programmering 10,00 O   10        
5501 IT-matematikk 10,00 O     10      
5607 Operativsystem 10,00 O     10      
5609 Objektorientert programmering 10,00 O     10      
5550 Statistikk I 5,00 O       5    
5610 Algoritmar og datastrukturar 15,00 O       15    
5603 Databasar II 10,00 O       10    
5906 Prosjektstyring 5,00 O         5  
5611 Systemutvikling 15,00 O         15  
5617 Prosjektarbeid i i informatikk 15,00 O           15
5700 Digitale geodata 10,00 V         10  
5614 Biletanalyse 5,00 V         5  
5615 Biletanalysesystem 5,00 V         5  
5551 Statistikk II 5,00 V         5  
5612 Datasikring 5,00 V           5
5613 IT-leiing 10,00 V           10
5552 Operasjonsanalyse 5,00 V           5
5974 Spesialpensum 5,00 V           5
5975 Spesialpensum 10,00 V         10 10
5620 Formelle språk 10,00 V         10 10
5619 Praksis 30,00 V           30
5706 Applikasjonsutvikling i GIS 10,00 V         10  
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Arbeids- og læringsformer:

 

Arbeids- og undervisningsformene i studiet omfattar:

  • Forelesingar

  • Øvingar i datalaboratorium med rettleeing

  • Eit større prosjektarbeid i grupper med rettleiing

  • Mindre prosjektoppgåver integrert i ordinære kurs

  • Sjølvstudium

Forholdet mellom teori/praksis:

 

Vurderingsformer:

Kandidatanes kunnskapar innanfor alle emne i studiet skal evaluerast. Aktuelle evalueringsformer går fram av emneomtalene.

Publisert av:
Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>