Olav Graathun er med og sikrar verdsfreden

 

Det er tidlegare kjent (sjå 9/11 og tale med Borgarmeisteren i Beijing) at Olav Graathun er involvert i verdspolitikken. No har det også vorte kjent at Olav har vore med å berge (i alle fall for ei stund) verdsfreden då president Bush var valgt inn som president andre gongen. Soga kjem her:

Dette skjedde det herrens år 2004, på den dagen då President Bush vart vald som president i dei Amerikanske sameinte statane for andre gongen. Denne dagen var redaktøren av Olavs sider på seminar på Danskebåten mellom Oslo og København, og ved landlegja tok han seg ein tur på Strøget. Ikkje noko rart i det.

Ved enden, stod det eit bord med plakat framom, og på plakaten stod det at ein kunne kome med råd til President Bush for den andre perioden. Redaktøren vørte det ikkje så mykje, og gjekk forbi. Fram kom det då ei pen dansk pige, og spurde om han ikkje ville gje råd. Han sa at då måtte han tenkje seg om først, og gjekk vidare, glad for at han slapp unna.

Men då hadde han ikkje rekna med Olav. Olav meinte han hadde gode råd for Bush, og ville gjerne få dei fram, så dei snudde, og sa til pigen at dei hadde råd å gje.

Då dei tenkte å skrive rådet, vart det sagt at dei måtte vente litt, for dei skulle filme. Der var det sanneleg nokon med eit stort TV-kamera som filma. Etter det, tenkte dei så at dei skulle skrive, men måtte igjen vente til dei hadde gjort seg klar for å filme når dei skreiv.

Olav meinte at det burde skrivast på engelsk, for det ville Bush forstå betre, meinte han. Det tykte den danske pigen var ein god idé også. Så skreiv dei med store bokstavar: LISTEN!

Når dette var gjort, kom TV-folka med mikrofon og skulle vite kven som sa dette. Olav fortalde kven vi var. Så ville dei vite kvifor dei sa dette, og Olav fortalde at det kunne virke som om Bush til no hadde vore mest interessert i å fortelje verda kva han ville, så no kunne det kanskje vere lurt av han å lytte litt til resten av verda.

Denne historia hadde ikkje vore verd å fortelje dersom det ikkje var for følgjande:

Då president Bush kom til Europa for første gong etter at han var gjenvald, sa han tydeleg så alle kunne høyre: "I have come here to Listen".

 


Flere bidrag til valevatn@uib.no