Forvaltningspolitikk, administrative reformer og institusjonell endring
Eit føremål med denne forskningsgruppa er å studere forvaltningspolitikk, administrative reformer og institusjonell endring i eit fleirnivå-perspektiv. Mange av dei viktige utfordringane både teoretisk og i praksis når det gjeld utforminga og verkemåten til det politisk-administrative systemet ligg i dag i grenseflata mellom forvaltningsnivå, frå det lokale via det regionale til det nasjonale og overnasjonale nivået; i grenseflata mellom offentleg sektor, sivilsamfunnet og privat sektor; og i grenseflata mellom folkevalde og administrative organ.
Rettleiingsseminar
Forskargruppa samlast onsdagar frå 14.15 til 16.00 på seminarrommet i 3.etg i Christiesgate 17.
Dette er eit forskingsseminar for forskargruppa om politisk organisering og flernivåstyring ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap. Seminaret skjer i samarbeid med kollegaer ved Rokkansenteret. Eit sentralt tema er handlingsvilkår for ein aktiv forvaltningspolitikk med vekt på samspelet mellom bevisst styring og tilpassing til internasjonale doktrinar og etablert forvaltningskultur og tradisjon.
Forskingsseminar
Forskargruppa har også eit forskingsseminar siste fredag i kvar månad, der medlemmar av gruppa legg fram utkast til paper og artiklar.