|
Norskkurs for utanlandske studentar og tilsette
Kveldskurs i norsk
Desse kursa er opne for heiltidsstudentar som studerer andre emne, til dømes heiltidsstudentar på masterprogram, utvekslingsstudentar eller gjestestudentar. Tilsette ved Universitetet i Tromsø og, viss det er plass, familiane deira, kan også delta på kveldskursa.
Kursa går vanlegvis kvart semester og gjev ikkje studiepoeng. Det er tilbod på begynnarnivå, mellomnivå og avansert nivå (trinn 1 – 2 – 3). Kvart kurs varar i 12 veker med fire timar undervising per veke. Timane går på ettermiddagen og kveldar, og kursa tek til rett etter semesterstart. Ein må søkje om å få vera med når ein er komen til Tromsø.
NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar
Emnet går berre i vårsemesteret. Studentane må ha lært norsk i minst eitt år i heimlandet før dei kan delta på emnet.
NOR-0100 er eit fulltidsemne som varar 13 veker med 14 timar undervising (30 studiepoeng). Målsetjinga med emnet er å betre studentanes praktiske norske språkbruk, deira teoretiske kunnskap om norsk språk og litteratur og deira forståing for norsk kultur og samfunn. For meir emneinformasjon, sjå heimesidene til Hum.fak.
Studieprogram i nordisk/skandinavisk litteratur og språk
Dette studiet er primært for ordinære studentar, men er også ope for utvekslings- og gjestestudentar og andre utanlandske studentar som allereie beherskar norsk språk godt.
Studiet er både på bachelornivå (180 studiepoeng) og masternivå (120 studiepoeng). Det blir lagt vekt på norsk som morsmålsfag og på norsk litteratur. Språk og litteratur frå andre skandinaviske land utgjer ein liten del av studiet. Studentar som har starta med studium i norsk/skandinavisk i heimlandet, kan følgje førelesingar i språk og litteratur på alle nivåa.
Emneinformasjon finn ein under beskrivingane av dei norske studieprogramma: Bachelor i språk, Bachelor i litteratur and Bachelor i språk og litteratur.
|