| Godkjent av: Universitetsstyret | Dato: 03.09.98 |
INNHALD
Målet med desse retningslinjene er å leggje til rette for ein trygg arbeidsplass for dei som arbeider med opne radioaktive kjelder, og for kollegaene deira, ved at arbeidet blir utført etter krava frå styresmaktene. Utslepp av radioaktive isotopar til miljøet skal vere minimale og innanfor grensene som er gjevne av styresmaktene.
Retningslinjene gjeld for alle tilsette, studentar som i prosjekt er knytt til forskingslaboratorium og gjesteforskarar når dei arbeider med opne radioaktive kjelder (radioaktivt stoff som ikkje er kapsla) som sender ut b- og/eller g-stråling, ved Universitetet i Tromsø, samt ved feltstasjonar og på tokt. Lågaregradsstudentar skal ikkje handtere opne radioaktive kjelder utan avtale med tilsynshavande for radioaktivitet. Handtering av radioaktive isotopar som sender ut andre typar stråling, kan berre gjerast etter avtale med tilsynshavande.
Eventuell søknad om dispensasjon frå deler av desse retningslinjene kan rettast til Universitetsdirektøren.
2.1. Organisering av strålevernsansvar
Ansvar innan strålevern følgjer linjeleiinga på same måte som innan internkontroll og andre hovudoppgåver ved universitetet. Verneombodet har same funksjon innan strålevern som ved anna arbeidsmiljø. I tillegg er det utnemnde fagpersonar med spesiell kompetanse og/eller med spesielle oppgåver.
Universitetsdirektøren har det overordna ansvaret for strålevernet ved Universitetet i Tromsø. Personaldirektøren tek i vare det daglege ansvaret som i desse retningslinjene er lagt til Universitetsdirektøren.
Universitetsdirektøren skal ha oversikt over all bruk av radioaktive isotopar ved Universitetet i Tromsø. Han skal føre liste over personar som kjem inn under "Forskrift om ioniserende stråling" (jf. §1 og §12 i forskrifta).
Dersom det ved bruk av opne radioaktive kjelder har vore brot på gjeldande lovar og reglar, og dette gjentek seg etter skriftleg åtvaring, kan Universitetsdirektøren nekte prosjektet eller brukaren retten til å handtere slike. Andre sanksjonar kan og vere aktuelle.
Universitetsdirektøren rapporterer til Statens strålevern som har tilsynsmynde for radioaktivitet i Noreg (jf. "Strålevernsbestemmelser for bruk og behandling av åpne radioaktive kilder). Denne rapporteringa inkluderer talet på prosjekt, type isotopar og aktivitetsmengder, innkjøpsrutinar og avfallshandtering, og evt. uhell eller ureglementert forhold.
Universitetsdirektøren utnemner tilsynshavande for radioaktivitet og delegerer tilsynet til denne.
2.3. Tilsynshavande for radioaktivitetTilsynshavande skal ha fagleg kompetanse innan ioniserande stråling. Dette inkluderer grunnleggjande dosimetri (måling og rekning av stråledose) med vurdering i høve til strålevern, og det inkluderer rådgjeving og rettleiing innan strålevern.
Tilsynshavande for radioaktivitet skal sjå til at regelverket innan strålevern blir følgt ved Universitet i Tromsø.
Tilsynshavande kan stoppe forsøk kor forholda ikkje er lagt til rette i høve til gjeldande lovar og reglar, eller dersom det har vore alvorlege brot på desse.
Tilsynshavande rapporterer innan sitt ansvarsområde til Universitetsdirektøren v/ personaldirektøren.
2.4. Fakultets-/høgskoledirektør og administrativ leiar
Fakultets-/høgskoledirektøren skal ha oversikt over all bruk av radioaktive isotopar ved fakultetet/ høgskolen. Han skal sjå til at strålevernet her blir følgt opp og samkøyrt. Dersom fakultetet/høgskolen sine institutt har administrativ leiar, kan ansvaret, eller deler av ansvaret, førast over til denne funksjonen med instituttet som ansvarsområdet. Dette skal i så fall vere skriftleg dokumentert i "Internkontrollhåndboka".
Fakultets-/høgskoledirektøren rapporterer til Universitetsdirektøren v/ tilsynshavande (jf. kap. 2.2 og 2.3).Fakultets-/høgskoledirektøren er ansvarleg for innkjøpssentral for radioaktive isotopar ved fakultetet / høgskolen der dette er aktuelt (jf. kap. 4.3.2).
Instituttleiar skal ha oversikt over bruken av opne radioaktive kjelder på instituttet, og han har ansvaret for at strålevernet blir teke i vare på laboratoriet. Dersom instituttet er delt inn i avdelingar eller seksjonar med eigen administrativ eller valt leiar, kan ansvaret, eller delar av ansvaret, førast over til denne funksjonen med avdelinga/seksjonen som ansvarsområdet. Dette skal i så fall vere skriftleg dokumentert i "Internkontrollhåndboka".
Instituttleiar er ansvarleg for inndeling av instituttet i prosjektgrupper på ein måte som er naturleg og føremålstenleg i høve til det ansvaret som ligg på prosjektansvarleg (jf. kap. 2.7).
Instituttleiar utnemner strålevernkontakt (jf. kap. 2.6) eller har ansvaret for at denne funksjonen etter
avtale blir teke i vare av strålevernkontakt frå anna eining. Instituttleiar er ansvarleg for følgjande
oppgåver som er delegert til strålevernkontakten:
Det skal vere ein person på kvar eining (laboratorium, avdeling/seksjon eller institutt) som skal arbeide særskild med strålevern.
Strålevernkontakten har i oppgåve åStrålevernkontakten kan vere ein av brukarane, og arbeidet skal vere ein del av stillingsinstruksen. Små einingar kan ha felles strålevernkontakt, dersom dette er føremålstenleg. Arbeidsområdet til strålevernkontakten er alle laboratorium som eininga(ne) brukar, inkludert fellesrom (f.eks. tellerom). Dersom det er fellesrom med fleire strålevernkontaktar, skal arbeidet fordelast mellom desse.
Strålevernkontakten skal innan eit år ha gjennomgått "Grunnkurs i strålevern" og "Vidaregåande kurs i strålevern" (jf. kap. 2.11). Oppfriskingskurs (minst 6 + 6 timar) skal gjennomførast minst kvart 5. år.
Strålevernkontakten rapporterer til instituttleiar eller avdelings-/seksjonsleiar (jf. kap. 2.5). Dersom strålevernkontakten har fleire einingar (institutt eller avdelingar/seksjonar) som arbeidsområde, kan rapporteringa gå direkte til fakultets-/høgskoledirektør eller administrativ leiar (jf. kap. 2.4). Dette skal i så fall vere skriftleg dokumentert i "Internkontrollhåndboka".
Prosjektansvarleg skal ha godkjent "Grunnkurs i strålevern" (jf. kap. 2.11) innan eit år etter at forsøka med opne radioaktive kjelder har starta. Oppfriskingskurs (minst 6 timar) skal gjennomførast minst kvart 5. år.
Prosjektansvarleg er ansvarleg for at instituttleiar/seksjonsleiar (jf. kap. 2.4) får årleg melding om:Prosjektansvarleg skal melde nye og reviderte prosjekt, samt avtale kontroll av laboratorium direkte hos tilsynshavande (jf. kap. 4.2 og kap. 4.1).
Registreringsskjema for prosjekt med kvittering av tilsynshavande, samt dokumentasjon på kontrollerte laboratorium, skal leggjast i "Handbok for arbeid med radioaktive isotopar".
Brukaren er den personen som utfører arbeidet med opne radioaktive kjelder. Han er sjølv ansvarleg for å følgje gjevne rutinar, og å bruke tilgjengeleg verneutstyr.
Brukaren skal, før han byrjar arbeidet, ha fått intern opplæring av strålevernkontakten (jf. kap. 2.11). Brukaren skal innan eit år ha godkjent "Grunnkurs i strålevern". Oppfriskingskurs (minst 6 timar) skal gjennomførast minst kvart 5. år.
Brukarar som arbeider med så store aktivitetar at dei ved søl eller uhell kan motta stråledose på minst 6 µSv, skal ha gjennomgått helseundersøking før bruk av opne radioaktive kjelder. Slik kontroll skal gjennomførast kvart 3. år (jf. kap. 4.7.3)
Brukaren rapporterer til prosjektansvarleg (jf. kap. 2.7).
Alle innkjøp av radioaktive isotopar skal gå gjennom innkjøpssentralen, og kvar tinging skal vere knytt til ein innkjøpskontakt som er registrert hos innkjøpssentralen (jf. kap. 4.3.2). Desse innkjøpskontaktane skal signere ved henting, og dei skal registrere isotopen i "Handbok for arbeid med radioaktive isotopar" (jf. kap. 2.12.).
Bruk av elektronisk dispensar med brukarkode kan erstatte ordninga med innkjøpskontakt. Dispensaren skal i så fall stå i eit låst rom.
Verneombodet sine oppgåver er definerte i "Arbeidsmiljølova". Der kor ein arbeidar med radioaktive stoff, skal verneombodet bl.a.:
Delar av den lokale opplæringa kan utførast av prosjektansvarleg eller av ein annan brukar på prosjektet dersom det er spesielle praktiske rutinar på dette prosjektet, eller dersom det av andre grunnar er føremålstenleg.
2.11.2. Grunnkurs i strålevernKurset er obligatorisk for brukarar, prosjektansvarlege og strålevernkontaktar innan eit år etter at forsøka er starta. Tilsvarande kurs frå andre universitet i Noreg kan erstatte grunnkurset. Dokumentert kompetanse kan, etter søknad til Universitetsdirektøren, erstatte grunnkurset.
Verneombod for verneområde kor det blir arbeidd med radioaktive stoff, skal få tilbod om å delta på grunnkurset.
Vidaregåande kurs i strålevern blir arrangert ein gong i året ved minst eit av universiteta i Noreg dersom det er behov for det. Det er eit kurs over 20 timar som byggjer på grunnkurs i strålevern (jf. kap. 2.11.1).
I tillegg til å utdjupe emna i grunnkurset skal kurset gje kunnskap om bl.a.:Kurset er obligatorisk for strålevernkontaktar innan eit år etter utnemninga.
Det blir arrangert oppfriskingskurs (grunnkurs) over 6 timar for alle som tidlegare har delteke på "Grunnkurs i strålevern" (jf. kap. 2.11.2). Brukarar, prosjektansvarlege og strålevernkontaktar skal ta dette kurset minst kvart 5. år.
Strålevernkontaktar som tidlegare har delteke på "Vidaregåande kurs i strålevern" (jf. kap. 2.11.3) skal i tillegg ha eit oppfriskingskurs (vidaregåande kurs) over 6 timar minst kvart 5. år.
Alle einingar (laboratorium, avdelingar/seksjonar eller institutt) som handterer opne radioaktive kjelder, skal ha "Handbok for arbeid med radioaktive isotopar". Nummerert handbok vil eininga få av tilsynshavande.
"Handbok for arbeid med radioaktive isotopar" skal innehalde:Instituttleiar eller avdelings-/seksjonsleiar er ansvarleg for "Handbok for arbeid med radioaktive isotopar" (jf. kap. 2.5) mens strålevernkontakten er ansvarleg for ajourføringa (jf. kap. 2.6).
Alle brukarane skal gjennomgå "Handbok for arbeid med radioaktive isotopar" under lokal opplæring (jf. kap. 2.11.1). Alle som har lese gjennom handboka skal kvittere for dette.
Dosimetri: Måling og rekning av stråledose
Hotlab: Laboratorium kor det blir arbeidd med radioaktive isotopar etter regelverket for B-lab.
Isotoplab: Laboratorium kor det blir arbeidd med radioaktive isotopar etter regelverket for C-lab.
Opne radioaktive kjelder: Eit radioaktivt stoff som ikkje er forsegla i eit lukka system.
Søl: Unormal hending som fører til spreiing av radioaktive stoff.
Uhell: Unormal hending kor person får eller risikerer å få stråledosar over dosegrenser for vanleg befolkning.
|
ALARA ALI Bq Ci cpm cps dpm dps eV Gy ICRP R Sv |
"As low as reasonably achievable" "Annual limit of intake" Bequerel Curie counts per minute counts per second desintegrasjonar per minutt desintegrasjonar per sekund elektronvolt Gray International Commission on Radiological Protection Røntgen Sievert |
Ein kan arbeide med radioaktive isotopar på laboratorium med standard for vanleg kjemisk arbeid dersom aktiviteten ikkje overskrid gjeldande grenser (vedlegg 4).
Laboratoriet eller deler av laboratoriet (f.eks. eit avtrekkskap) skal vere reservert for arbeid med radioaktive isotopar, og området skal vere merka med skilt og evt. med spesialtape. Utanfor dette området skal det vere liten sjanse for at personar kan bli utsett for radioaktiv stråling som gjev stråledosar over bakgrunnsstrålinga.
Prosjektansvarleg er ansvarleg for at isotoplab til ei kvar tid er lagt til rette etter gjeldande reglar.
Tilsynshavande skal kontrollere isotoplab før dei første forsøka med opne radioaktive kjelder startar.
Hotlab er reservert for arbeid med radioaktive isotopar, og ein kan arbeide med større aktivitetar, men likevel ikkje over aktivitetsgrensene (vedlegg 4). Rommet skal vere låst når det ikkje er i bruk, og det skal ikkje vere tilgjenge for personar som ikkje arbeider der.
Alt arbeid med opne radioaktive kjelder på hotlab skal registrerast i loggbok med:Det skal vere ei sluse mellom hotlab og andre rom. Dessutan er det spesielle krav til golv, veggar, tak, benkar og innreiing. Det skal vere undertrykk i hotlab, og ventilasjonen skal gå gjennom avtrekkskap med separat ventilasjonskanal.
Prosjektansvarleg er ansvarleg for at hotlab til ei kvar tid er lagt til rette etter gjeldande reglar.
Tilsynshavande skal kontrollere hotlab før dei første forsøka med opne radioaktive kjelder startar.
Prosjektansvarleg skal registrere alle prosjekt som inkluderer arbeid med opne radioaktive kjelder og melde dette til Universitetsdirektøren v/ tilsynshavande seinast ein månad etter at forsøka har starta. Prosjekt med endringar som ikkje er inkludert i tidlegare registreringar, skal meldast på nytt. Prosjekt som ikkje har brukt radioaktive isotopar siste året, blir rekna som avslutta.
Registrering og melding av prosjekt skal innehalde (jf. vedlegg 2):Før forsøket startar, skal det planleggjast godt for å minimalisere bruken av radioaktive isotopar, og for å minimalisere farane ved bruk av radioaktive isotopar. Tenk derfor gjennom følgjande spørsmål:
MetodeFor at uvedkomande ikkje skal kunna få tak i radioaktive isotopar, har vi følgjande rutinar for innkjøpet:
For å redusere stråledose, kan ein skjerme strålekjelda frå den som blir eksponert. Dette blir gjort ved å plassere eit medium (f.eks. metall, pleksiglas) mellom strålekjelda og den eksponerte. Skjermen skal vere nært og helst omslutte strålekjelda, f.eks ved å plassere strålekjelda i ein blyboks, slik at ingen personar blir eksponert for den radioaktive strålinga. Hugs at radioaktiviteten stråler i alle retningar. Dersom energien er høg nok, kan strålinga gå gjennom bordplata, veggar, golv og tak. Dersom enkeltpersonar er spesielt utsett for eksponering, kan dei bruke f.eks. blyfrakk dersom han gjev god nok skjerming.
Skjerminga er avhengig av stråletype:
Svake b-emittarar (f.eks. 3H, 14C, 33P,35S, 42Ca) gjev så svak stråling at ho vil bli stoppa av plast/glas, og dei vil ikkje gå gjennom f.eks. prøverøyret. Det er ikkje nødvendig å skjerme denne strålinga. Ver likevel merksam på at stråling frå desse isotopane gjev stråledose ved søl på hud eller ved inntak.
Sterke b-emittarar (f.eks. 32P) gjev stråling som blir bremsa av 1 cm pleksiglas eller av metall. Ver merksam på at det ved skjerming kan bli danna bremsestråling (røntgenstråler) med mykje lenger rekkevidde enn opphavleg stråling. Det blir danna mest bremsestråling når skjermen inneheld molekyl med store atomkjerner. Dersom metall skal brukast for skjerming av 32P, bør det brukast pleksiglas mellom strålekjelda og metallet. Tjukk blyplate vil derimot kunna stoppe all stråling (inkl. bremsestråling). Val av skjerm er avhengig av aktiviteten i kjelda. Kontrollmål med handmonitor (for både b-stråling og g-stråling) ved skjerming av 32P.
g-emittarar (f.eks. 51Cr, 125I, 137Cs) må skjermast med metall (helst bly). Stor tettleik i materialet gjev best skjerming. Tjukkleiken på metallet er avhengig av type metall, av energien til strålinga og av aktiviteten (jf. vedlegg 5). For g-emittarar snakkar vi ofte om halveringstjukkleik som er den tjukkleiken av eit medium som bremser 50% av strålinga. To halveringstjukkleikar vil dermed bremse 75% av strålinga. 0,3 mm bly vil bremse all strålinga frå 125I (99,997% ) mens det vil stoppe berre 0,05% av strålinga frå 51Cr. Blyfrakk som vanlegvis inneheld 0,3 mm blyekvivalentar vil altså vere effektiv mot stråling frå125I, men mot stråling frå 51Cr vil blyfrakk ha ingen effekt. For å bremse stråling frå 51Cr effektivt, trengst det 2,5 cm bly (96 % bremsing).
4.3.5. ArbeidsrutinarRadioaktivt avfall og avfall som kan vere kontaminert av radioaktive isotopar, skal handterast som forklart i "Retningslinjer for avhending av spesialavfall ved Universitetet i Tromsø".
Radioaktivitet i vassløysning kan skyldast ut i vask som er merka for dette. Alt anna radioaktivt avfall skal samlast i "Risikoavfallsesker" på laboratoriet. Eska skal:Aktivitetsgrenser for radioaktivt avfall er gjevne i vedlegg 4.
Radioaktive stoff kan sendast, etter ADR-reglementet, med transportfirma som f.eks. SAScargo (skal ikkje sendast med vanleg post):
Kontakt evt. tilsynshavande for meir informasjon.
Arbeidsrutinane skal vere slik at ein unngår søl og kontaminering, men dersom uhellet likevel skulle vere ute, må ein vite kva ein skal gjere for å minimalisere skadane.
Vi blir alle utsett for bakgrunnsstråling (kosmisk stråling, stråling frå jordskorpa, intern stråling og stråling frå utslepp etter atomprøvesprengingar og atomkraftverk). Gjennomsnittleg årleg stråledose frå bakgrunnsstrålinga i Noreg er ca. 3 mSv. "International Commission on Radiological Protection" (ICRP) har fastsett internasjonale dosegrenser for dosar frå anna stråling enn bakgrunnsstrålinga (tilleggsdose).
Vanleg befolkning
Vanleg befolkning skal ikkje utsetjast for årleg tilleggsdose på meir enn 1 mSv (jf. tabell 4.1). Studentar og tilsette ved Universitetet i Tromsø som ikkje sjølv arbeider med opne radioaktive kjelder, har dosegrense som vanleg befolkning.
Eit dosimeter registrerer berre dei strålene som treff dosimeteret. Pass derfor på å ha dosimeteret ein plass som kan vere representativ for den stråledosen du blir eksponert for. Dette kan f.eks. vere på brystlomma på laboratoriefrakken. Intern stråling og stråling på andre kroppsdelar blir ikkje registrert på dosimeteret. Ingen utslag er derfor ingen garanti for at du ikkje har motteke stråledosar. Bruk av dosimeter kan altså gje falsk tryggleik.
Persondosimeter
Personar som handterer uskjerma radioaktive isotopar som gjev g-stråling (f.eks. 51Cr, 125I, 137Cs) eller langtrekkande b-stråling (f.eks. 32P) skal bere persondosimeter. Dette gjeld derimot berre dersom aktiviteten er så stor at det kan gje registrerbare stråledosar. Aktivitetsgrensa vil vere avhengig av isotop og type forsøk, men typisk aktivitetsgrense kan vere 100 kBq pr. forsøk.
b
-stråling med låg energi (f.eks. 3H, 14C, 33P, 35S, 45Ca) har så kort rekkevidde at dei ikkje vil bli registrert på persondosimeteret.Persondosimeter blir sendt rutinemessig til Statens strålevern for analyse. Resultata av analysane vil derfor kome ei tid etter registreringsperioden. Rutinar med persondosimeter blir koordinert av strålevernkontakten.
Digitalt dosimeter
Personar som i enkelttilfelle kan bli utsett for store stråledosar, kan bere digitalt dosimeter.
Dette vil til ei kvar tid gje den aktuelle doseraten og med alarm ved overskriding av grense.
Fingerdosimeter
Brukarar som handterer høge aktivitetar av b-emittarar (særleg høgenergetiske som 32P) kan bruke fingerdosimeter for å kartleggje stråledoser til hender ved spesielle prosedyrer (jf. tabell 4.1)
Brukar som arbeider med så store aktivitetar at dei ved søl eller uhell kan motta stråledose på minst 6 µSv, skal ha gjennomgått helseundersøking før bruk av opne radioaktive kjelder. Undersøkinga skal ta sikte på å avgjere om det er medisinske grunnar til hinder for at brukaren blir sysselsett med ioniserande stråling. Arbeidstakaren kan fritt velje lege (f.eks bedriftshelsetenesta), og undersøkinga skal gjennomførast minst kvart 3. år
4.7.4. Kontroll av inntakEtter forsøk med store aktivitetar av radioaktivitet, og etter uhell kor det kan ha vore inntak av radioaktive isotopar, skal brukaren eller den som kan ha motteke stråledose, bli kontrollert for inntaket (jf. kap. 4.6). Dette kan i dei fleste tilfelle gjerast ved å måle ein urinprøve i scintillasjonstellar 2-3 dagar etter evt. inntak.
Inntak av radioaktivt jod kan registrerast ved å måle aktiviteten i skjoldbruskkjertelen (på halsen) med handmonitor.
4.7.5. KontaminasjonskontrollInstituttet eller avdelinga/seksjonen skal ha rutinar for regelmessig kontaminasjonskontroll av arbeidsplass og tilstøytande område. Dette skal vere i tillegg til kontroll som blir utført etter kvart forsøk og det skal dokumenterast i "Handbok for arbeid med radioaktive isotopar" (jf. kap. 2.12).
Dersom det berre er brukt isotopar som lett kan detekterast med handmonitor, kan denne brukast. Dersom det har vore brukt radioaktive isotopar som gjev lågenergetiske b-stråling (f.eks. 3H, 14C, 33P, 35S, 45Ca), skal det utførast stryktest.
Avdelingar som arbeider regelmessig med radioaktive isotopar, skal utføre kontaminasjonskontroll minst ein gong i månaden. Kontrollen blir koordinert av strålevernkontakten.