|
Bakgrunnen for at dette temaet vart sett opp på det årlege årsmøteseminaret til HIFO Nordvestlandet var at det i desse dagar vert arbeidd med eit bokprosjekt som tek føre seg havfiskeflåtens historie på Nordvestlandet og i trøndelagsfylka. Oppdragsgjevar for verket er Aalesunds Rederiforening som vert 100 år seinare i år.
Fiskeri-pionerar på Sunnmøre
Atle Døssland skal skrive om dei første åra til den regionale havfiskeflåten, og han var først ut av innleiarane. Den kronologiske ramma for verket er frå 1860-åra og fram til i dag. Men Døssland trekte trådane enno lenger attover i tid og fortalde at fiskarar frå Sunnmøre allereie på midten av 1600-talet fann fram til Storegga for å fiske. Det var såpass langt ut at dei ikkje greidde å kome ut og inn på dagen. Dei måtte altså overnatte i båtane på feltet. Tomas Langva frå Haram skal ha vore den første storegg-fiskaren frå Nordvestlandet. Hollendarane dreiv havfiske i større omfang enn fiskarar frå Nordvestlandet dei første åra. Mellom grunnane til det kan vere at dei norske kystfiskeria var så rike at det ikkje var nøvdendig å ta dei store investeringane som måtte til for å ruste ut havfiskefartøy. Elles var kombinasjonen fiskar/bonde vanleg, og slik kombinasjonsdrift utsette lenge den spesialiseringa som var nødvendig for å lukkast i havfisket.
Atle Døssland fortalte at det var svenskane som førte egg-fisket eit steg vidare, rundt 1860. Dei rusta ut store båtar, som også hadde hjelpebåtar. Fisken dei fangsta vart seld på marknadene i Ålesund. Etter kvart, frå 1870-åra, tok ålesundskjøpmennene etter svenskane. Dels kjøpte dei opp svenske båtar, dels utvida dei og rusta opp eigne båtar. Dei store båtane gjorde seg etter kvart også gjeldande i kystfiskeria, og det vart ein del interessekonfliktar mellom dei som dreiv tradisjonelt kystfiske med mindre båtar og havfiskeflåten.
1870-åra og 80-åra var ei sterk ekspansjonstid for den lokale fiskerinæringa. Stadig nye fiskefelt vart utforska og innlemma i den faste årssyklusen. Mellom anna gjorde båtar frå Sunnmøre seg gjeldande i dorgmakrellfisket ved Haugesund, i fiskeria ved Færøyane og ved Island. Det var i fiskefelta ved Island at snurpenota vart introdusert frå norsk side, kunne Døssland opplyse. Mot slutten av 1880-åra byrja sunnmørske interesser å gjere seg gjeldane i selfangsten i ishavet.
Døssland ser oppbygginga ev ein sterk havfiskeflåte i samanheng med ressurstilgangen. Det var på Sunnmøre at næringa fikk det beste fotfestet. Det hadde mellom anna samanheng med at regionen var nær egga, og at det var fleire fiskeri som overlappa kvarandre nettopp utanfor sunnmørskysten. I tillegg var det god avkasting i det lokale landbruket slik at dei hadde det materielle grunnlaget som skulle til når dei skulle investere i båtar og utstyr elles. I tillegg var Ålesund ein ung by, entreprenørane i byen var ikkje hemma av tradisjonar, men kunne ta dei rette grepa då dei materielle og økonomiske tilhøva låg til rette for det.
Spontant hierarki
Arnljot Løseth valde å fokusere på rollefordelinga mellom dei ulike yrkesgruppene om bord i fiskebåtane. Dei som stod øvst i hierarkiet var skipperen og basen. Mannskapet var klart underordna, men dei sosiale strukturane vart ikkje høglydt kommunisert. Tvert om var dei underforståtte, og samvirket skulle vere spontant, trass i dei klart ulike rollene. Det var skipperen som avgjorde kvar båten skulle gå og kvar det skulle fiskast. Basen bestemte når reiskapen skulle setjast.
Løseth såg også nærare på omgrepet fiskelukke. Han tvilte på om lukka vart fordelt etter slump. Det viste seg at lukka ofte fulgte einskilde personar meir enn andre. Truleg var suksess på feltet mykje basert på erfaringskunnskap og teft, i tillegg til at utstyret båten rådde over sjølsagt må ha spela ei rolle.
Arnljot Løseth stilte mot slutten av foredraget sitt spørsmålet om den sterke stillinga til basen kunne ha seinka teknologiutviklinga i havfiskeflåten. Etter at dei tekniske hjelpemidla som sonar og ekkolodd kom sterkare inn, vart basen sin posisjon svekt i forhold til skipperen som hadde størst kompetanse på bruk av dei tekniske innretningane.
Strid om reguleringar
Den tredje av medforfattarane, Dag Magne Berge, gjekk rett inn i det fiskeripolitiske feltet. Han tok utgangspunkt i forslaget til langtidsplan for fiskerinæringa som vart lansert i 1977. Planen viste stor tillit til offentleg regulering på dette feltet, og den var også eit signal om den veksande erkjenninga av ei ressurskrise innan fiskeria. Det var stor motstand mot planen mellom fiskebåtreiarane på Sunnmøre. Motstanden gjekk djupare i regionen og også blant fiskarar og i fagrørsla på Sunnmøre var motstanden stor. På den andre sida stod kyst-fiskarane i nord som planen ønskte å hjelpe fram. Planen prøvde å vege fiskerindustriens behov for effektivitet opp mot distriktspolitiske interesser og spørsmålet om langsiktig ressursforvaltning. Aalesunds Rederiforening var tydeleg i si høyringsuttale til planen: Dei meinte at det var to målsetningar som var viktige å ta omsyn til; 1. Forvaltninga av fiskeriressursane og 2. Omsynet til forretningsmessig lønsemd og næringa si konkurransekraft. Distriktspolitiske omsyn høyrde ikkje heime i ein fiskeriplan, var synet herifrå.
Berge sa at planen ikkje hadde nokon sjans til å vinne gjennom slik dei politiske konjunkturane utvikla seg. Mot slutten av 1970-åra vart det mindre vilje til å gripe inn med politiske reguleringar. Andre omsyn kom i framgrunnen, og marknadsprinsippa kom til å stå sterkare, også i fiskeriforvaltninga.
Gjennom reaksjonane etter innlegget kom det klart fram at fiskerinæringa i Herøy var nøgd med at planen vart lagt ned i ein skuff. Seminar-deltakar Per Sævik var tydeleg i sin konklusjon: Ein kan ikkje drive fiskerinæringa etter distriktspolitiske prioriteringar. Det er uråd å subsidiere seg fram til ei konkurransekraftig fiskerinæring.
|