|
29. mars: Mentale grenser i lynne og landskap?
v/Narve Bjørgo, Universitetet i Bergen
Førelesinga drøftar regional identitet som historisk og aktuelt fenomen. Er det mulig å rekonstruere kollektive "mentale landskap", og kontrastere dei mot einannan? Innleiingsvis blir identitetsbegrepet diskutert, og belyst ved eit eksempel frå Danmark. Deretter flytter fokus til Vestlandet, med eit riss av mulige kjenneteikn eller markørar ved "vestlandstypen".
Med dette bildet i bagasjen går så turen til Nord-Norge, opplevt gjennom innflyttarens subjektive briller. Førelesarens eiga oppleving av likearta og ulike trekk ved lynne og landskap i nord og vest er her grunntema, i ein frihandsanalyse utan dei strenge vitskaplege ambisjonane.
Hver lørdag på studenthuset driv kl. 13.00
Se hele programmet her
|