Søk Tavla Hum-fak. Jur.fak. Mat.-nat.fak. Med.fak. NFH SV-fak. Sentre TMU UB Adm.
set width of left cell in netscape 4
Startsiden
Tromsøflaket
Nyheter
Debattforum
Rektors spalte
Arkiv
Kontakt oss!
Aktuelt
Nytt fra enhetene
Universitetstavla
Hva skjer?
Intern informasjon
Pressemeldinger
Andre medier
UiT i media
Smånytt
Tips oss-bilde
 
[ Logg inn ]
set width of left cell in netscape 4
Startsiden › nyheter › tromsoflaket › 23
Printer friendly

06.12.2001

Teater, trakassering og tabu

Det er ikkje enkelt å snakke om uønska, seksuelle tilnærmingar. Særleg ikkje når det dreier seg om forholdet mellom ein student og ein rettleiar. For å få i gang ein debatt om temaet har Studentstyret fått Teaterstykket Oleanna til Tromsø.


 


oleana
Frå teaterstykket Oleanna da det vart framført av Turboteatret i Bergen i vår. Foto: Helge Skodvin, Bergens Tidende
«Ein student, professoren hennar og leksa han ikkje ville lære» er underteksten til teaterstykket Oleanna, som handlar om forholdet mellom ein mannleg professor og ein kvinneleg student.








Ikkje-tema ved UiTø
– Teaterstykket problematiserar meir enn det fordømmer. Det skjer ingen fysiske overgrep og det er ikkje eintydig kven som er overgripar og kven som er offer. Derfor egnar stykket seg godt til å skape debatt, meiner studentstyreleiar Hilde Karen Ofte.
Ei undersøking ved Universitetet i Oslo for nokre år sidan viste at ti prosent av hovudfagsstudentane ved det historisk-filosofiske fakultetet hadde opplevd uønska seksuell merksemd frå rettleiaren sin. Ved Universitetet i Tromsø har temaet vore eit ikkje-tema.
– Forståeleg, men veldig synd. Seksuell trakassering skjer overalt, og me må derfor gå ut ifrå at det skjer også her. Mellom studentar, mellom tilsette og mellom studentar og tilsette. Forholdet mellom student og rettleiar er spesielt fordi studenten er så avhengig av rettleiaren sin for den vidare utdanninga, og det derfor blir spesielt vanskeleg å gjere noko med det, seier Ofte.
Studentstyret ved UiTø ønskjer at det skal bli utarbeidd yrkesetiske retningsliner for rettleiarane, slik dei har det ved universiteta i Bergen og Oslo.

Debatt og forumteater
Teaterstykket Oleanna er skriven av David Mamet og er blitt sett opp fleire gonger i Noreg. Turboteatret i Bergen sette det opp i vår. Stykket hadde premiere ved Universitetet i Bergen 1. mars og skapte stor debatt. Etter invitasjon frå Studentstyret ved UiTø kjem Turboteatret no til Tromsø og Studenthuset – Kulturscenen driv 11., 12 og 13. desember. Den første dagen blir teaterstykket følgd opp av ein paneldebatt, mens det den andre dagen blir forumteater etter teaterframsyninga. Forumteater vil seie at publikum kan gå inn i stykket og endre på handlinga – ein form for teatersport som byr på store utfordringar både for skodespelarar og publikum.

Ømtolige tema
Førsteamanuensis Anne Britt Flemmen ved Institutt for sosiologi tok doktorgrad på kvinner si frykt for seksualisert vald, og skal delta i panelet under debatten.
– Det er fint at Studentstyret set fokus på emnet. Temaet skaper mykje frykt og aggresjon hos ganske mange – av ulike grunnar. I Oslo vart til dømes mange tilsette redde for at dei kunne miste jobben på grunnlag av ein student sitt ord. Det er viktig å skape ryddige forhold slik at Universitetet kan handtere moglege tilfelle på ein god måte, samstundes som både studentar og tilsette sitt rettsvern er sikra, seier Flemmen.
Likestillingsutvalet i Studentstyret arbeider med å setje fokus på ulike ømtolige problemstillingar, og teaterframsyninga er ein del av dette arbeidet. Det er mellom anna laga to brosjyrer, ei om spiseforstyrringar og ei om uønska seksuelle tilnærmingar. Brosjyrene er gitt ut i samarbeid med Studenttinget ved Høgskolen i Tromsø og Studentane si sosialteneste ved Studentsamskipnaden i Tromsø.

Ønsker du å motta e-post om oppdateringer i denne mappen?
E-post adresse:
Velg intervall her:

© Tromsøflaket, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø
Telefon: 77 64 40 00, Faks: 77 64 64 00, Epost flaket@adm.uit.no
Oppdatert av vevredaktør Bent Svinnung den 07.02.2003 12:34
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Stein-Gunnar Bondevik


Read this page in: Bokmål

set width of main cell in netscape 4

Alle UiTø-sider
Avansert søk
Flaketbanner
Utskrift2
Abonnement2
toppbanner logoer
Sider:
Viser 1-20 av 919
   
Livmorhalskreft
UiT kan få IT-pris
Plagiat
Spansklærer på plass
Skinnsøm fra Sibir
Utdanningskrise?
Seks feil
Doktograder i tall
Kreft og KAB
Fusjon
Seniorsatsing
Fredsprisen
Søkelys på urbane urfolk
Hvorfor skyter de?
Statsbudsjett 2008
Språkfag i faresonen
Forskningsfartøy
Lov og rett for ansatte
Tenkegruppene
Gøy med grønt
set width of right cell in netscape 4