Tilbake til normal visning

Kurs i nynorsk for tilsette

Kartleggingar som Språkrådet har gjort, viser at mange statsorgan meiner dei har for dårleg kompetanse i nynorsk. Tilsette i stillingar der skriftleg utforming er ein del av tenesta, pliktar etter mållova å kunne nytte begge målformene.

For å imøtekomme desse krava inviterer PEK i samarbeid med Ola I. Breivega, seniorrådgjevar i Språkrådet, tilsette til eit grunnkurs i nynorsk.

Dato/Stad:
3. - 4. april 2007

Målgruppe:
Tilsette som har sjølvstendig utforming av tekster som del av arbeidet sitt.

Mål:
Deltakarane skal etter kurset skriva nynorsk utan alvorlege språkfeil.

Hovudinnhald:
Kurset skal bidra til å klargjera dei viktigaste skilnadene mellom bokmål og nynorsk med omsyn til formverk, uttrykksmåte og ordval.

Hovudemne på kurset:

  • Kort innføring i det nynorske rettskrivingssystemet
  • Verb - samanheng i det nynorske verbsystemet og bruken av refleksive verb (infinitiv på ast)
  • genitiv og genitivomskrivingar
  • Ordval med vekt på administrativ nynorsk
  • Faste vendingar m.m.

Fleire emne blir behandla i dei praktiske øvingane på kurset.

Påmelding
Påmelding skjer ved å klikke på nettpåmelding etter avklaring med nærmaste leiar. Påmeldingsfrist: 26. mars 2007.

Ved spørsmål og nærmare informasjon - kontakt opplæringsleiar Ann-Karin Tobiassen, dir.innv. 44930.


Personalkompetanse, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av opplæringsleder Ann-Karin Tobiassen den 12.10.2006 15:33
Ansvarlig redaktør personal-/økonomidir. Atle Engebretsen