|
Kurs i nynorsk for tilsette
Kartleggingar som Språkrådet har gjort, viser at mange statsorgan meiner dei har for dårleg kompetanse i nynorsk. Tilsette i stillingar der skriftleg utforming er ein del av tenesta, pliktar etter mållova å kunne nytte begge målformene.
For å imøtekomme desse krava inviterer PEK i samarbeid med Ola I. Breivega, seniorrådgjevar i Språkrådet, tilsette til eit grunnkurs i nynorsk.
Dato/Stad:
3. - 4. april 2007
Målgruppe:
Tilsette som har sjølvstendig utforming av tekster som del av arbeidet sitt.
Mål:
Deltakarane skal etter kurset skriva nynorsk utan alvorlege språkfeil.
Hovudinnhald:
Kurset skal bidra til å klargjera dei viktigaste skilnadene mellom bokmål og nynorsk med omsyn til formverk, uttrykksmåte og ordval.
Hovudemne på kurset:
- Kort innføring i det nynorske rettskrivingssystemet
- Verb - samanheng i det nynorske verbsystemet og bruken av refleksive verb (infinitiv på ast)
- genitiv og genitivomskrivingar
- Ordval med vekt på administrativ nynorsk
- Faste vendingar m.m.
Fleire emne blir behandla i dei praktiske øvingane på kurset.
Påmelding
Påmelding skjer ved å klikke på nettpåmelding etter avklaring med nærmaste leiar. Påmeldingsfrist: 26. mars 2007.
Ved spørsmål og nærmare informasjon - kontakt opplæringsleiar Ann-Karin Tobiassen, dir.innv. 44930.
|